Can

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bandet Can)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Can (fleirtyding).
Can

OpphavKöln i Vest-Tyskland
Aktiv1968–1979, 1989, 1991
SjangerKrautrock, eksperimentell rock, psykedelisk rock, ambient, avant-garde, elektronisk musikk
Tilknytte artistarTraffic
PlateselskapLiberty, United Artists, Spoon, Mute
MedlemmerHolger Czukay
Jaki Liebezeit
Irmin Schmidt
Tidlegare medlemmerMichael Karoli
David C. Johnson
Malcolm Mooney
Damo Suzuki
Rosko Gee
Rebop Kwaku Baahchaz
PrisarEcho Pop for livsverk, Qwartz Electronic Music Awards

Can var eit tysk eksperimentelt rockeband danna i Köln i Vest-Tyskland i 1968. Det vart rekna som eit av dei første krautrock-gruppene og spelte musikk med element av minimalisme og verdsmusikk i den psykedeliske musikken sin.

Can skreiv mykje av musikken sin gjennom kollektive spontane komposisjonar, dei sampla seg sjølv i studio og redigerte musikken sin til dei kom fram til det endelege resultatet;[1] Bassist og sjefslydteknikar Holger Czukay kalla musikken til Can for «augneblikkelege komposisjonar».[2] Dei hadde stundom kommersiell suksess med singlar som «Spoon» og «I Want More» som nådde den nasjonale singellista. Gjennom album som Monster Movie (1969), Tago Mago (1971), Ege Bamyasi (1972) og Future Days (1973), utøvde bandet stor påverknad på avant-garde, eksperimentell, undergrunn, ambient, punk, post-punk, new wave og elektronisk musikk.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år: 1968–1970[endre | endre wikiteksten]

Røtene til Can kan sporast attende til Irmin Schmidt og ei reise han gjorde til New York City i 1968. Schmidt heldt seg hovudsakleg med musikarar innan avantgarde musikk som Steve Reich, La Monte Young og Terry Riley, men møtte etter kvart verda til Andy Warhol, Hotel Chelsea og The Velvet Underground. I følgje han sjølv så skal reisa ha «forderva» han, og gjeve han ein fascinasjon for mogelegheitene som låg i rock. Då han kom attende til Köln seinare på året, danna ein inspirert Schmidt ei gruppe med den amerikanske avant-garde-komponisten og fløytisten David C. Johnson og musikklæraren Holger Czukay for å utforske den nye utvida musikalske horisonten sin.

« Då eg starta gruppa var eg ein klassisk komponist, dirigent og pianist, og spelte mykje samtidsmusikk, men òg Brahms, Chopin og Beethoven og alt mogeleg. Og då me kom saman ønskte eg å gjere noko der all musikk på den tida vart ein ting. Særleg i Europa var ny samtidsmusikk særleg Boulez, Stockhausen og alt det der. Eg studerte alt det, eg studerte Stockhausen, men ingen snakka om rock som Sly Stone, James Brown eller the Velvet Underground som samtidsmusikk. Så var det jazz og alle desse elementa som var vår samtidsmusikk, det var nytt. Det var på ein måte nyare enn ny klassisk musikk, som kravde å vere 'ny musikk'. »

—Schmidt, i eit intervju frå 2004

Fram til då hadde hadde desse tre musikarane utelukkande drive med avantgarde klassisk musikk. Både Schmidt og Czukay hadde studert direkte under komponisten Karlheinz Stockhausen. Schmidt valde å spele orgel og piano, medan Czukay spelte bass og klarte å spele inn musikken deira med ein enkel tospors lydbandopptakar. Gruppa fekk snart med seg gitaristen Michael Karoli, ein 19 år gammal elev av Czukay, og trommeslagaren Jaki Liebezeit, som var misnøgd med arbeidet sitt i frijazzgrupper. Då gruppa utvikla ein meir rock-aktig stil, slutta ein skuffa Johnson i gruppa mot slutten av 1968.

Bandet brukte namna Inner Space og The Can før dei slo seg til ro med CAN. Liebezeit foreslo at det var ei bakronym for «kommunisme (communism), anarkisme, nihilisme». Midtvegs i 1968 hadde bandet fått med seg den kreative og rytmiske, men ofte ustabile amerikanske vokalisten Malcolm Mooney, som var ein bilethoggar frå New York, og i lag skreiv dei songar for eit album, Prepared to Meet Thy Pnoom. Dei klarte ikkje å finne eit plateselskap som ville gje ut albumet, og gruppa heldt fram å arbeide i studio til dei hadde songane som vart det første albumet, Monster Movie, som kom ut i 1969. Dette albumet inneheldt nye versjonar av to songar som var spelte inn for Prepared to Meet Thy Pnoom, «Father Cannot Yell» og «Outside My Door». Andre songar som vart spelte inn på denne tida kom ut i 1981 som Delay 1968. Den bisarre, skrålande voklaen til Mooney framheva den underlege og hypnotiske kvaliteten i musikken, som var inspirert av garage rock, psykedelisk rock og funk. Repetisjon vart vektlagd på bass og trommer, særleg på den episke «Yoo Doo Right», som vart redigert ned frå ein seks timar lang improvisasjon og utgjorde ei heil side av vinylplata. Den stødige, men mangfaldige tromminga til Liebezeit var avgjerande for å drive fram musikken.

Mooney reiste attende til Amerika kort tid etter albumet kom ut etter råd frå ein psykiater som hadde sagt at den kaotiske musikken til Can ikkje var bra for den mentale helsa hans.[4] I følgje teksten i Monster Movie fekk Mooney eit nervøst samanbrot («caught in a Can groove»), og ropte «upstairs, downstairs» igjen og igjen. Han vart erstatta av Kenji «Damo» Suzuki, ein ung japansk turist dei fann som gatesongar utanfor ein kafé i München. Sjølv om han berre kunne nokre få akkordar på gitaren og improviserte det meste av teksten i staden for å skrive han ned, vart Suzuki beden om å spele med bandet same kveld. Den første innspelinga til Can med Suzuki var Soundtracks, som kom ut i 1970, ei samling musikk laga for filmar som òg inneheld tidlegare songar spelte inn med Mooney. Tekstane til Suzuki var hovudsakleg på engelsk, men stundom òg på japansk (til dømes på «Oh Yeah» og «Doko E»).

Klassiske år: 1971–1973[endre | endre wikiteksten]

Dei neste få åra gav Can ut dei mest anerkjende albuma sine. Medan dei tidlegare innspelingane deira i det minste var laust baserte på tradisjonelle songstrukturar, gjekk bandet over til ein ekstremt flytande improvisasjonsstil på dei neste albuma. Det doble Tago Mago (1971) blir ofte rekna som banebrytande, påverknadsrikt og særs ukonvensjonelt album, basert på intense jazz-inspirerte rytmar, improvisert gitar og klaversoloar (ofte samstundes), lydbandredigering som komposisjon, og dei særeigne tekstane til Suzuki. Czukay: «(Tago Mago) var eit forsøk på å oppnå ei mystisk musikkverd frå lys til mørke og attende.»[5]

Tago Mago vart følgd opp i 1972 av Ege Bamyasi, eit meir tilgjengeleg, men likefullt avantgarde album med den fengande «Vitamin C» og den tyske hitten «Spoon». Czukay: «Me fekk ein fantastisk tørr og ambient lyd... [Ege Bamyasi] syner den lettare stemninga til gruppa.»[5]

Albumet vart etterfølgd av Future Days i 1973, som representerte eit tidleg døme på ambient musikk, i tillegg til å innehalde popsongen «Moonshake». Czukay: «'Bel Air' [det 20 minuttar lange stykket som tok opp ei heil plateside av Future Days] synte Can som eit elektrisk symfonigruppe som spelte fredfylt med enkelte dramatiske landskapsmåleri.»[5]

Suzuki slutta like etter innspelinga av Future Days for å gifte seg med den tyske kjærasten sin, og vart så eit Jehovahs vitne.[6] Karoli og Schmidt tok då over på voka;[4] men då Suzuki slutta vart det vokal på færre av stykka deira, sidan Can eksperimenterte meir med den ambiente musikken dei hadde starta med på Future Days.

Seinare år: 1974–1979[endre | endre wikiteksten]

Soon Over Babaluma frå 1974 heldt fram med den ambiente stilen frå Future Days, men hadde òg noko av den harde stilen frå Tago Mago og Ege Bamyasi. I 1975 signerte Can kontrakt med Virgin Records i Storbritannia og EMI/Harvest i Tyskland, og spelte same året på Old Grey Whistle Test på BBC der dei framførte «Vernal Equinox». Schmidt spelte på eit klaver med ei rekkje karateslag. Kort tid etter framføringa brakk Schmidt foten og ein planlagt turné i Storbritannia vart avlyst.

På dei seinare albuma Landed (1975) og Flow Motion (1976) flytta Can seg mot ein meir vanleg stil etter kvart som innspelingsteknologien betra seg. Discosingelen «I Want More» frå Flow Motion vart den einaste hitten deira utanfor Tyskland. han vart skriven i lag med lydteknikaren Peter Gilmour som brukte å arbeide på konsertane deira, og nådde 26. plassen på singellista i Storbritannia i oktober 1976. Dei fekk då framføre songen på Top of the Pops, der Czukay spelte på kontrabass. I 1977 fekk Can med seg tidlegare Traffic-bassist Rosko Gee og perkusjonisten Rebop Kwaku Baah, som begge song vokal i Can og var med på albuma Saw Delight (1977), Out of Reach (1978) og Can (1979). I denne perioden vart Holger Czukay pressa bort frå gruppa og deltk berre med lydar frå ein kortbølgjeradio, morsekode, lydband og andre lekamar. Han slutta i Can seint i 1977 og var ikkje med på albuma Out of Reach og Can, men var involvert i produksjonen av det sistnemnde albumet. Bandet tok ein pause i tida etter, men fleire gjenforeiningar har funne stad.

Oppløysing og gjenforeining[endre | endre wikiteksten]

Etter oppløysinga har alle dei tidlegare medlemmane fortsett med musikk, ofte som studiomusikarar for andre artistar. I 1986 kom dei saman ein kort periode med den originale vokalisten Mooney, for å spele inn Rite Time (kom ut i 1989). Ei ny gjenforeining fann stad i 1991 for å spele inn ein song for Wim Wenders-filmen Until the End of the World, og Can har sidan vore med på mange samleplater, konsertalbum og samplingar.

I 1999 spelte dei fire kjernemedlemmane i Can, Karoli, Liebezeit, Schmidt og Czukay, saman på same show, men spelte kvar for seg med soloprosjekta sine (Sofortkontakt, Club Off Chaos, Kumo og U-She). Michael Karoli døydde av kreft den 17. november 2001.

Holger Czukay har spelt inn fleire ambiente album og samarbeidd med mellom andre David Sylvian, medan Jaki Liebezeit har spelt mykje med bassistane Jah Wobble og Bill Laswell, og i trommegruppa Drums of Chaos.[7] Michael Karoli spelte inn eit reggaealbum med Polly Eltes før han døydde, og Irmin Schmidt har arbeidd med trommeslagaren Martin Atkins. Damo Suzuki kom attende til musikkindustrien i 1983, og har sidan då spelt live improvisasjonsshow rundt om i verda med lokale musikarar og medlemmar av turnebanda sine, og gjeve ut fleire konsertalbum. Malcolm Mooney spelte inn eit album som songar for bandet Tenth Planet i 1998. Rosko Gee har vore bassist i bandet til fjernsynsshowet Harald Schmidt i Tyskland sidan 1995. Rebop Kwaku Baah døydde i 1983 etter hjerneblødning.

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Kjernen[endre | endre wikiteksten]

  • Holger Czukay – bassgitar, lydteknikar, elektronikk (1968–1977, 1986–1991)
  • Michael Karoli – gitar, vokal, fiolin (1968–1979, 1986–1991)
  • Jaki Liebezeit – trommer, perkusjon (1968–1979, 1986–1991)
  • Irmin Schmidt – klaverinstrument, vokal (1968–1979, 1986–1991)

Andre medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Andre aritstar[endre | endre wikiteksten]

  • Manni Löhe – vokal, perkusjon og fløyte (1968)
  • Duncan Fallowell – tekstar (1974)
  • Peter Gilmour – tekstar (seinare i 1970-åra)
  • René Tinner – lydteknikar (seinare i 1970-åra)
  • Olaf Kübler frå Amon Düül – tenorsaksofon (1975)
  • Tim Hardin – vokal & gitar (november 1975)
  • Thaiga Raj Raja Ratnam – vokal (januar-mars 1976)
  • Michael Cousins – vokal (mars-april 1976)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Can (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2013.
  • Pascal Bussy & Andy Hall. The Can Book. Tago Mago, 1986.
  • Pascal Bussy & Andy Hall. The Can Book. Saf Publishing, 1989.
  • Bussy, Pascal. Kraftwerk: Man, Machine and Music. SAF Publishing, 2005. ISBN 0-946719-70-5
  • Rock: The Rough Guide (second edition), Penguin, 1999.
  • Martin C. Strong's Great Rock Discography (fifth edition), MOJO Books, 2000.
  • The New Musical Express Book of Rock, Star Books, 1975, ISBN 0-352-30074-4.
  1. Payne, John (februar 1997), Hiss 'n' Listen: Holger Czukay and the rhythms of a secret life, henta 17. februar 2013 
  2. Unterberger, Richie (1997), An Interview With Holger Czukay, Krautrock.com, henta 17. februar 2013 
  3. Canniblism 1, Spoon Records, 1986, arkivert frå originalen 3. april 2010, henta 17. februar 2013 
  4. 4,0 4,1 Can, Mute Liberation Technologies, arkivert frå originalen 10. oktober 2007, henta 17. februar 2013 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Holger Czukay Can discography». Perfect Sound Forever / furious.com. Henta 6. mars 2013. 
  6. Ulrich Adelt, "Machines with a Heart: German Identity in the Music of Can and Kraftwerk", Popular Music and Society, 2012, DOI:10.1080/03007766.2011.567908.
  7. Givt, Datenverarbeiter vs. Jaki Liebezeit, arkivert frå originalen 4. juni 2007, henta 17. februar 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]