Bandet Crazy Horse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Crazy Horse
Alias Danny & the Memories
The Rockets
The Psyrcle
Opphav Columbus i Georgia
Sjanger Rock
Hardrock
Folkrock
Countryrock
Aktive år 1969 til i dag
Tilknytte artistar Neil Young
Plateselskap Reprise
Epic
Rhino
Medlemmer
Billy Talbot
Ralph Molina
Frank "Poncho" Sampedro
Tidlegare medlemmer
Danny Whitten
Jack Nitzsche
Nils Lofgren
George Whitsell
Greg LeRoy
John Blanton
Rick Curtis
Michael Curtis
Sonny Mone
Matt Piucci

Crazy Horse er eit amerikansk rockeband som er best kjend for tilknytinga til Neil Young. Dei er tilskriven på mange albuma til Young og har gjeve ut fem album på eiga hand.

Neil Young henta inn Danny Whitten (gitar), Bill Talbot (bass) og Ralph Molina (trommer) frå gruppa The Rockets til det andre soloalbumet hans, Everybody Knows This is Nowhere (1969). Dei tre braut ut av The Rockets og inngjekk i eit meir permanent samarbeid med Neil Young under namnet Crazy Horse. Bandet deltok òg på det neste albumet til Young, After the Gold Rush (1970). Dei nytta høvet til å spele inn det første albumet sitt, òg kalla Crazy Horse, medan Neil Young var oppteke med samarbeidet sitt i Crosby, Stills, Nash & Young. Nils Lofgren og Jack Nitzsche, begge med sterke band til Neil Young, bidrog på albumet. Sjølv om albumet aldri vart nokon kommersiell suksess, viste det at bandet hadde meir å fare med enn berre å opptre som backingband for andre. Danny Whittens «I Don't Want to Talk About It» frå albumet vart i 1975 spelt inn og gjort til ein hit med Rod Stewart.

Crazy Horse deltok ikkje på det fjerde albumet til Young, Harvest (1972), men låten «The Needle and the Damage Done» frå albumet skal ha utgangspunktet sitt i blant anna heroinmisbruket til Danny Whitten. Whitten døydde av ein overdose 18. november 1972, og vart erstatta med Frank «Poncho» Sampedro i 1973. Saman med Talbot og Molina har dei tre utgjort Crazy Horse heilt fram til i dag. Neil Young sitt Tonight's the Night er dedisert Danny Whitten og ein annan av Young sine gode vener som lei same skjebne som Whitten.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Noverande[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare medlemmer av Neil Young og Crazy Horse[endre | endre wikiteksten]

Andre tidlegare medlemmer[endre | endre wikiteksten]

  • Nils Lofgren, gitar, keyboard, vokal
  • George Whitsell, gitar, vokal
  • Greg Leroy, gitar, vokal
  • John Blanton, keyboard
  • Rick Curtis, gitar, vokal
  • Michael Curtis, keyboard
  • Sonny Mone, gitar, vokal
  • Matt Piucci, gitar

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

The Rockets[endre | endre wikiteksten]

Crazy Horse[endre | endre wikiteksten]

Neil Young og Crazy Horse[endre | endre wikiteksten]

Neil Young og Crazy Horse på film og video[endre | endre wikiteksten]

  • Rust Never Sleeps (1979)
  • Weld (1991)
  • Sleeps With Angels (ca 1995, berre promo)
  • The Complex Sessions (1995)
  • Year of the Horse (1997)
  • Greendale (2004)
  • Be The Rain (2004, promo only)
  • Farm Aid 2003: A Soundstage Special Event (c. 2004)

Billy Talbot solo[endre | endre wikiteksten]

  • Alive In The Spirit World (2004)

Andre samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]