Bandet Lindisfarne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lindisfarne
LindisfarneLive1991.jpg
Lindisfarne i 1991
Sjanger Folkrock
Aktive år 1968–1975, 1977–2004
Plateselskap Charisma, Elektra, Mercury, Atco, LMP
Nettstad www.lindisfarne.co.uk
Tidlegare medlemmer
Simon Cowe
Rod Clements
Alan Hull
Ray Jackson
Ray Laidlaw

Lindisfarne var eit britisk folkrockband frå Newcastle upon Tyne, starta i 1970 (opphavleg kalla Brethren[1]) med songar og låtskrivar Alan Hull som frontmann. Musikken deira kombinerte ein ei sterk kjensle av lengsel med ei enno sterkare kjensle av moro. Den originale besetninga bestod av Alan Hull (vokal, gitar, piano), Ray Jackson (vokal, mandolin, munnspel), Simon Cowe (gitar, mandolin, banjo), Rod Clements (bassgitar, fiolin) og Ray Laidlaw (trommer).

Dei er mest kjend for albuma Nicely Out of Tune (1970), Fog on the Tyne (1971) og Back and Fourth (1978), og for songar som «Meet Me On The Corner», «Lady Eleanor», «Run For Home» og «We Can Swing Together».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gruppa byrja som The Downtown Faction, leia av Rod Clements, men dei endra raskt namn til Brethren. I 1968 kom Alan Hull med i gruppa og dei vart Lindisfarne etter øya med same namn utanfor kysten av Northumberland. I 1970 signerte Tony Stratton-Smith dei til Charisma Records og debutalbumet deira Nicely Out of Tune kom ut i 1970. Dette albumet var ei blanding av lyse harmoniar og livleg folkrock. Dei to singlane frå albumet, «Clear White Light» og «Lady Eleanor», nådde aldri listene, og albumet gjorde det heller ikkje særleg bra, men bandet fekk raskt ein sterk fanskare med konsertane sine.[2]

Det andre albumet deira Fog on the Tyne (1971), produsert av Bob Johnston, vart særs populært og gjekk heilt til topps på den britiske albumlista året etter. Singelen «Meet me on the Corner» og ei nyutgjeving av «Lady Eleanor» følgde i 1972. Albumet Nicely Out Of Tune gjekk så inn på Topp 10 i Storbritannia og bandet fekk mykje mediaomtale, og somme kalla Hull den største låtskrivaren sidan Bob Dylan. Bandet vart kalla «1970-åra sitt svar på Beatles».[2]

I 1972 gav dei ut det tredje albumet deira, Dingly Dell. Bandet var ikkje nøgd med den første produksjonen og miksa albumet på nytt på eiga hand. Det kom ut i september 1972, og sjølv om det nådde Topp 10 den første veka, fekk det lunken mottaking. Singelen «All Fall Down» nådde 34. på lista, medan den andre singelen «Court in the Act» ikkje nådde lista i det heile.

Etter ein skuffande turne i Australia tidleg 1973 starta bandet å krangle med kvarandre. Hull vurderte først å forlate bandet, men vart overtalt til å bli verande. Dei vart samde om at han og Jackson skulle få behalde namnet, medan Cowe, Clements og Laidlaw forlet bandet for å danne Jack The Lad. Dei vart erstatta av Tommy Duffy (bassgitar), Kenny Craddock (klaverinstrument), Charlie Harcourt (gitar) og Paul Nicholl (trommer).[3] Den nye besetninga var ikkje like appellerande som originalbesetninga og då Hull samstundes starta sin eigen solokarriere nådde heller ikkje dei neste albuma deira, Roll On Ruby og Happy Daze listene. Bandet vart oppløyst i 1975.[4]

Det originale bandet vart gjenforeint i 1976 for ein enkelt konsert i Newcastle City Hall, men gjenforeininga vart etter kvart permanent. Dei fekk ein ny platekontrakt med Mercury og nådde listene att i 1978 med «Run For Home». Songen nådde Topp 10 og albumet deira Back and Fourth nådde Topp 30. Dei påfølgjande singlane «Juke Box Gypsy» og «Warm Feeling» nådde ikkje listene. Det neste albumet deira The News (1979) mislukkast og bandet mista platekontrakten sin.[4]

Det neste tiåret vart det fleire byte i besetninga og bandet gav ut fleire album. Dei danna sitt eige selskap, Lindisfarne Musical Productions, og spelte inn singlar som «I Must Stop Going To Parties» på midten av 1980-åra, samt albumet Sleepless Nights. I 1984 varma dei opp for Bob Dylan og SantanaSt James' Park. Saksofonisten og vokalisten Marty Craggs vart med i gruppa kort tid etter. I denne perioden heldt dei årlege juleturnear og gav ut Dance Your Life Away(1986) og C'mon Everybody(1987) - sistnemnde bestod av gamle rock'n'roll-songar.[2]

Eit anna album, Amigos, kom ut i 1989. I 1990 introduserte Lindisfarne seg for ein yngre generasjon då dei spelte inn «Fog on the Tyne Revisited» som ein duett med fotballspelaren Paul Gascoigne, som nådde andreplassen på den britiske singellista. Kort tid etter forlet Jackson bandet. Cowe forlet i 1993, kort tid etter innspelinga av albumet Elvis Lives On The Moon. Hull døydde den 17. november 1995, men dei gjenverande medlemmane heldt fram å nytte namnet.[4]

Bandet heldt fram å spele med stadig nye besetningar og gav ut to studioalbum, Here Comes The Neighbourhood (1997) og Promenade (2002). Dei gav òg ut fleire konsertalbum.[4]

Lindisfarne vart til slutt oppløyst seint i 2003 og heldt ein siste konsert 1. november 2003 i Newcastle Opera House. Den siste besetninga bestod då av Dave Hull-Denholm, Billy Mitchell, Rod Clements, Ian Thomson og Ray Laidlaw.[5] Tre medlemmer av bandet heldt fram å turnere under namnet Lindisfarne Acoustic fram til mai 2004.[4]

Den 19. november 2005 heldt vener og kollegaer av Alan Hull ein minnekonsert i Newcastle City Hall til ære for Hull. Her var musikarar som Alan Clark, Simon Cowe, Marty Craggs, Steve Cunningham, Steve Daggett, Tommy Duffy, Mike Elliot, Frankie Gibbon, Charlie Harcourt, Brendan Healy, Tim Healy, Ray Jackson, Ray Laidlaw, Finn McArdle, Ian McCallum, Billy Mitchell, Terry Morgel, The Motorettes, Jimmy Nail, Paul Nichols, Tom Pickard, Preludium, Bob Smeaton, Paul Smith og Kathryn Tickell.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Nicely Out of Tune (November 1970), No. 8
  • Fog on the Tyne (Oktober 1971), No. 1
  • Dingly Dell (September 1972), No. 5
  • Lindisfarne Live (1973), No. 25
  • Roll on Ruby (Desember 1973)
  • Happy Daze (Oktober 1974)
  • Lindisfarne's Finest Hour (1975), No. 55
  • Lady Eleanor (1976)
  • Back and Fourth (Mai 1978), No. 22
  • Magic In The Air (1978 Live), No. 71
  • The News (September 1979)
  • Sleepless Nights (Oktober 1982), No. 59
  • Lindisfarntastic! Live (1983)
  • Lindisfarntastic! Two (1984)
  • Dance Your Life Away (Oktober 1986)
  • C'mon Everybody (1987)
  • Amigos (November 1989)
  • Caught In The Act (1992 - Live 1983)
  • Buried Treasures Volumes 1 & 2 (1992)
  • Day Of The Jackal (1993) (EP)
  • Live 1990 (1993 - Live 1990)
  • Elvis Lives on the Moon (Juni 1993)
  • Lindisfarne On Tap - A Barrel Of Hits (1994)
  • Another Fine Mess (1996 - Live 1995)
  • City Songs (1996 - Samling med BBC-opptak
  • Untapped & Acoustic (1997)
  • The Cropredy Concert (1997 - Live 1994)
  • Blues From The Bothy (1997 (EP)
  • We Can Swing Together (1998 - The BBC Concerts 1971)
  • Dealers Choice (1998 - Mark II Band in Concert 1973 & in Session 1974)
  • Here Comes the Neighborhood (September 1998)
  • Live At The Cambridge Folk Festival (1999 - Live recordings 1982 & 1986)
  • BT3 - Rare & Unreleased 1969-2000 (2000)
  • Promenade (2002)
  • Acoustic (2002 Live)
  • Time Gentlemen Please (2003 Live)
  • Acoustic 2 (2004 Live)
  • The River Sessions (2004 - Live at Glasgow Apollo, 1982)
  • Happy Daze (2008)


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.rodclements.com/breth.html Brethren
  2. 2,0 2,1 2,2 Lindisfarne - Live Music Magazine
  3. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st ed.). London: Reed International Books Ltd. s. 249. CN 5585. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 History of Lindisfarne lindisfarne.co.uk
  5. Newcastle Evening Chronicle - Band takes its final bow

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]