Bandet Louis XIV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Louis XIV
Louis XIV by Ron Baker.jpg
Louis XIV på Emo's i Austin under South by Southwest (2008)
Sjanger Post-punk revival
Garage rock revival
Indie rock
Aktive år 2003–2009
Plateselskap Atlantic
Nettstad www.louisxiv.net
Tidlegare medlemmer
Jason Hill
Brian Karscig
Mark Maigaard
James Armbrust

Louis XIV var eit amerikansk rockeband frå San Diego i California.

Bandet bestod av songar og gitarist Jason Hill, gitarist Brian Karscig og trommeslagar Mark Maigaard og dei skipa gruppa i april 2003 medan dei budde i Paris. Bassist James Armbrust kom med i bandet kort tid etter.

Det første albumet kom ut i november 2003, kalla opp etter bandet, spelt inn i Paris. Bandet gav ut ein EP i januar 2005 etter at dei kom attende til California og følgde opp med eit fullt album i mars kalla The Best Little Secrets Are Kept. I 2005 kalla NME bandet «music to flunk rehab to», medan Rolling Stone og MTV kalla dei eit av dei ti beste banda å sjå.[1] I 2007 bad David Bowie og Alicia Keys bandet om å spele på den veldedige konserten BlackBall for Aids in Africa. Bowie kalla då Louis XIV eit av favorittbanda hans av nye band.

Bandmedlemmane Jason Hill og Brian Karscig song på tre songar på The Killers-albumet Sam's Town frå 2007.

The Distances from Everyone to You, ein ny EP, kom ut på iTunes Store i september 2007. Bandet vart oppløyst i 2009.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Jason Hill – vokal, bass, gitar, piano, lydteknikar, produsent
  • Brian Karscig – vokal, gitar, bass, piano
  • Mark Maigaard – trommer
  • James Armbrust – bass

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

EPar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolling Stone 4/2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]