Bandrikse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bandrikse

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete av underarten G. p. mellori frå Lady Elliot Island, søraustre Queensland, AustraliaFoto: Tom Tarrant
Bilete av underarten G. p. mellori frå Lady Elliot Island, søraustre Queensland, Australia
Foto: Tom Tarrant

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Rallidae
Slekt: Gallirallus
Art: G. philippensis
Vitskapleg namn
Gallirallus philippensis

Bandrikse (Gallirallus philippensis) er ein vassfugl i riksefamiliener ein svært spreidd, mellomstor rikse i karakteristiske farger. Denne arten er utbreidd i store delar av den australasiatiske regionen og i den sørvestlege stillehavsregionen. Dette inkluderer Filippinane, Ny-Guinea, Australia, New Zealand og ei mengd mindre øyar, som dekker ei rekkje breiddegradar frå tropane sør til den subantarktiske regionen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Det er ein i stor grad bakkelevande fugl på storleik med ei lita tamhøne, ca. 30 centimeter med kroppssvekt på 170 gram. Bandriksa har hovudsakleg brun overside, fine striper i svart og kvitt på undersida, eit langt kvitt augebryn, kastanjefarga band frå nebbrota rundt nakken, med eit gulbrunt band tvers over brystet. Kinn, hals og øvre bryst har grå farge. Nebbet er langt, kraftig og brunfarga. Dei nyttar ei rekkje fuktige habitat eller våtmarker med låg, tett vegetasjon som gøymsle. Dei kan bruke mangroveskog og andre salte miljø. Fuglane er vanlegvis ganske skjerre, men kan bli tillitsfulle, til dømes på stader lagt til rette for rekreasjon på øyar innanfor det store barriererevet i Australia.[1]

Bandriksa er ein altetar som beitar på ei rekkje terrestriske virvellause dyr og små virveldyr, frø, nedfallsfrukt og anna vegetabilske matkjelder, og dessutan åtsel og avfall.

Dei plasserer vanlegvis reira i tett vegetasjon av gras eller takrøyr nær vatn. Storleiken på kulla kan vere 3-4, på New Zealand 5-6, truleg med fleire kull i sesongen. Sjølv om nokre øypopulasjonar kan vere truga, eller til og med utrydda av introduserte rovdyr, er arten som heilskap rekna som livskraftig og stabil.[2] Arten har hatt tilbakegang på New Zealand på grunn av habitattap og indroduserte rovdyr, og finst no mest i mangrovar og i vårmarker med ferskvatn på Nordøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Marchant, S.; & Higgins, P.J. (Eds). (1993). Handbook of Australian, New Zealand and Antarctic Birds. Volume 2: Raptors to Lapwings. Oxford University Press: Melbourne. ISBN 0-19-553069-1
  2. BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bandrikse