Bangor University

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bangor University
Prifysgol Bangor
University from Bangor Mountain.JPG
Universitetet sett frå Bangorfjellet
Motto Gorau Dawn Deall (The Best Gift is Knowledge)
Grunnlagt 1884
Type Offentleg
Stad Bangor i Wales
Koordinatar 53°13′44″ N 4°7′48″ WKoordinatar: 53°13′44″ N 4°7′48″ W
Studentar 16 605[1] (2010)
Tilsette 2000 (2010)
Nettstad www.bangor.ac.uk

Bangor University (walisisk Prifysgol Bangor) er eit walisisk universitet basert i byen Bangor i grevskapet Gwynedd i Nord-Wales. Det vart grunnlagt i 1884 og var ein av dei grunnleggande institusjonane i det tidlegare føderale University of Wales. Det har gjennom det meste av historia vore offisielt kjend som University of Wales, Bangor (UWB) (walisisk Prifysgol Cymru, Bangor), men frå september 2007 skifta universitetet namn til Bangor University, og vart sjølvstendig frå University of Wales. Etter ei undersøking i 2008 vart nesten halvparten av all forsking ved Bangor University rekna som verdsleiande. Bangor er rangert som det 251 beste universitetet i verda.[2] Det er òg det høgast rangerte universitetet i Wales og er eit av dei femten høgast rangerte i Storbritannia.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Universitetet vart grunnlagd under namnet University College of North Wales den 18. oktober 1884. Det fekk det formelle chartret sitt året etter. Det opphavlege lokalet var ein gammal skysstasjon, som hadde god plass til dei 58 studentane og staben. I 1911 flytta universitetet til ein ny og mykje større bygning, som no er den gamle delen av Main Arts Building.

I 1967 heldt Maharishi Mahesh Yogi ein forelesning om transcendental meditasjon. Under denne forelesninga fekk medlemmane av The Beatles vita at manageren deira Brian Epstein var daud.

I 1996 vart det walisiskspråklege universitetet Coleg Normal innlema.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]