Baniyas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om landsbyen i Tartus guvernement. For byen i Golanhøgdene (Cæsarea Filippi), sjå Banias.
Koordinatar: 35°10′56″N 35°56′25″E
Baniyas
بانياس
by
none
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Tartus guvernement
Distrikt Baniyas-distriktet
koordinatar 35°10′56″N 35°56′25″E
Folketal 42 128 (2008 est.)
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 43
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Baniyas (arabisk بانياس, Bāniyās) er ein by i Tartous guvernement, nordvest i Syria, ved foten av Qalaat el-Marqab (der krossfararborga Marqab eller Margat står), 55 km sør Latakia (i antikken Laodikea) og 35 km nord for Tartous (i antikken Tortosa). Han er eit katolsk bispesete under det latinske namnet Balanea, ei stilling som i dag er ledig.

Han er kjend for frukthagane og eksport av tømmer. I dag er han mest kjend for oljeraffineriet nord for byen, eit av dei største i Syria. Her ligg òg eit energiverk.

Det ligg framleis mange sitrushagar i dei grøne åsane kring byen. På toppen av ein av åsane står borga Margat, ei stor johanittarborg bygd av svart basaltstein.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I fønikisk tid var han ein viktig hamneby, som grekarane kalla Balemia. Det kan ha vore i hellenistisk tid at byen lånte namnet Levkas (i følgje Stephanus Byzantius) frå øya vest i Hellas. Byen Balanaea, som er det latinske namnet, var ein koloni under Aradus (Strabon, XVI, 753), og vart plassert av Stephanus Byzantius i Fønikia, men høyrte til den romerske provinsen Syria. Den første kjend biskopen i byen var til stades ved Konsilet i Nikea i 325 (Lequien, Oriens Christ., II, 923).

Under den syriske borgarkrigen rapporterte opprørarar at ein massakre fann stad den 2. mai 2013, utført av regjeringsstyrkane. «Syrisk soldatar, med støtte av væpna menn frå nærliggande alawittarlandsbyar, strøymde inn i byen, sette hus i brann og brukte knivar, skytevåpen og slagvåpen til å drepe folk i gatene.»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Syrians flee 'massacres' in Baniyas and al-Bayda," BBC (4. mai 2013). Henta 5. juli 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]