Bankbuss
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bankbuss er ein buss som er innreidd for å fungera som bankfilial og som køyrer rundt til grissgrendte bygder, for at innbyggarane skal sleppa å reisa inn til næraste tettstad for å få utført banktenester. Tidlegare var det mange bankbussar i Noreg, men fleire blei lagt ned i 2000-åra. Den siste bankbussen driven av Luster Sparebank, vart nedlagt i mars 2008.[1] Sparebanken Sogn og Fjordane la ned sitt bankbusstilbod i desember 2011.[2]
Bankbussar blei erstatta av nye tenester som betalingskort, brevgiro, nettbank og liknande.
[endre] Kjelder
- ↑ Karlsen, R.K., «Rakk bankbussen før den stengte», NRK.no, 27/1-2010.
- ↑ Bankbussen hausten 2011 ved ssf.no
|
|
|
|---|---|
| Busstypar |
Langdistansebuss · Bybuss · Leddbuss · Dobbeltdekkar · Kombinertbuss · Trolleybuss · Minibuss |
| Rutebussar | Rutebuss · Skulebuss · Ekspressbuss · Matebuss |
| Andre bussar |
Turistbuss · Opptaksbuss · Bokbuss · Bankbuss · Russebuss |