Bankkonto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein bankkonto er ein monetær konto der ein bank skriv den fortløpande balansen til ein kunde.

Bankkonti kan ha ein positiv (eller kredit) balanse der banken tar vare på pengane til kunden, eller ein negativ (eller debet) balanse der kunden skyldar banken pengane.

Det er vanleg å tale om tre typar bankkonti:

  • Sparekonti, der ein normalt har ein positiv balanse
  • Lånekonti, der ein normalt har ein negativ balanse
  • Transaksjonskonti, der det er normalt med både negativ (innanfor ei kredittgrense) og positiv balanse

Kontoen er identifisert ved hjelp av eit IBAN-nummer ved internasjonale overføringar.

I Noreg har alle bankkonti eit standard kontonummer på 11 siffer der dei fire første sifra identifiserer banken.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.