Banque de France

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Banque de France er den franske sentralbanken, skipa som aksjeselskap og ordinær bank 18. januar 1800 av ei gruppe som representerte private bankar. Napoléon Bonaparte, som vart den fyrste aksjonæren i 1803 etter at Banque de France slo seg saman med Caisse des comptes courants (ein bank skipa i juni 1796), gav banken einerett til å gjeve ut pengesetlar for Paris, og i 1848 fekk banken monopol på å gjeve ut pengesetlar for heile landet. Med dette vart banken til landets sentralbank.

Banken vart gjort statleg (najonalisert) i 1945, og då styrt av eit råd (Conseil général) og leia av ein gouveneur. Maastricht-traktaten frå 1992, som mellom anna la eit formelt grunnlag for Den europeiske sentralbanken som vart skipa i Frankfurt i 1998, leia til at Banque de France vart gjort uavhengig av den franske regjeringa i 1993 med omsyn til å styre den nasjonale politikken på sitt område. I samband med at fellesvaluten euro skulle take til å gjelde frå 1. januar 1999, vart særs mykje av bankens gjeremål og styringsmakt ført over til Den europeiske sentralbanken i Frankfurt i 1998.