Banská Bystrica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Banská Bystrica
Hovudplassen i Banská Bystrica
Hovudplassen i Banská Bystrica
Byvåpenet til Banská Bystrica
Byvåpenet til Banská Bystrica


Plassering
Banská Bystrica is located in Slovakia
Styresmakter
Land Flag of Slovakia.svg Slovakia
Kraj Banská Bystrica kraj
Først nemnd i 1255
Borgarmeister Ivan Saktor
Geografi
Flatevidd
 - By

103,37 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2009)
   - folketettleik

79 197
  766,2 /km²
Koordinatar 48°43′57″N 19°08′57″EKoordinatar: 48°43′57″N 19°08′57″E
Høgd over havet 362 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 97401
Retningsnummer (tlf) +421-48
Bilnummer BB
Nettstad: eng.banskabystrica.sk

Banská Bystrica (tysk Neusohl, ungarsk Besztercebánya) er ein by sentralt i Slovakia ved elva Hron i ein lang og vid dal omkrinsa av fjella Låge Tatra, Store Fatra og Kremnicafjella. Han har om lag 80 000 innbyggjarar og er den sjette største byen i Slovakia.[1] Han vart ein permanent busetnad på 800-talet og fekk byprivilegium av den ungarske kongen i 1255. I seinmellomalderen bygde velståande gruveeigarar sentrale kyrkjer, våningsbygg og festningsverk.

Banská Bystrica er hovudstad i Banská Bystrica kraj og Banská Bystrica okres. Her ligg òg Matej Bel Universitet. Som ein historisk by med kort avstand til fjella rundt, er Banská Bystrica ein populær turistdestinasjon både om om sommaren og vinteren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegaste historia til Banská Bystrica er knytt til utvinning av kopar (og til ein viss grad sølv, gull og jern). Verktøya som dei førhistoriske gruvearbeidane nytta ved staden Špania Dolina er datert til 2000-1700 f.Kr.[2] Folk frå Lausitzkulturen bygde busetnadane sine ved Špania Dolina, Horné Pršany, Malachov og Sásová. Gammale åsfort går framleis igjen i dei lokale namna med Hrádok, som tyder eit «lite fort eller borg».[3] Området var busett av den keltiske stamma kotinar (Púchovkulturen) på 200-talet f.Kr. Den germanske stamma quadar tok over staden i romartida, og etterlet seg store mengder sølvgjenstandar i Netopierska jaskyňa («Flaggermusgrotta»).

Staden vart seinare innlemma i grevskapet Zólyom i Kongedømet Ungarn. Den første kjende steinkyrkja vart bygd av saksarar i det som då var den sjølvstendige busetnaden Šašová på første halvdel av 1200-talet. I 1255 gav kong Béla IV Banská Bystrica mange privilegium for å trekke til seg flinke handverkarar.[4] Etterkomarar etter tyske immigrantar til dette og andre grevskap vart seinare kalla karpattyskarar. Byen blømde som eit gruvesenter i regionen.[4][5] På andre halvdel av 1200-talet vart den romanske Jomfru Maria-kyrkja bygd. I same periode fekk Banská Bystrica sitt eige våpenskjold av Árpád-familien som då var kongar i Ungarn.[6][7] Dei lokale handverkarane og fagmennene var organisert i femti laug med slaktarlauget som det eldste.[8]

Barbican ved byborga og dei gotiske (måla raud og kvit) og barokke (måla gult) seksjonane som syner utviklinga til byen

Dei velståande Fugger- og Thurzo-familiane grunnla det velståande Ungarischer Handel-selskapet (tysk for «Ungarsk Handel») i 1494. Selskapet baserte seg hovudsakleg på gruvedrifta rundt Banská Bystrica, og vart ei av dei leiande produsentane av kopar i verda på 1500-talet.[5] Med den mest sofistikerte gruveteknologien i Europa, eit avansert rekneskapssystem og velferd som medisinsk behandling for sine 1100 tilsette, var Ungarischer Handel eit av dei største og mest moderne av dei tidlege kapitalistføretaka.[5][9] Det osmanske riket var på full veg nordover på 1500-talet, og magistraten i byen fekk forsterka festningsverka med moderne steinmurar i 1589. Tyrkarane kom derimot aldri til dette området.[8] Banská Bystrica vart eit av dei fremste sentra for reformasjonen i Slovakia på 1500-talet.[10] Seinare måtte byen kjempe for den religiøse fridommen som privilegia dei hadde fått gav dei mot det austerrikske romersk-katolske Habsburg, som styrte område. I tillegg å bygge forsvarsverk mot osmanarane, kjempa dei for sjølvstyre mot dei mektige magnatane i Kongedømet Ungarn.[10] I 1620 vart fyrst Gabriel Bethlen av Transilvania, ein protestant, vald som konge av Ungarn av riksdagen i Banská Bystrica.

Landsbyen Radvaň, som no var eit område i Banská Bystrica, fekk rettar til å halde ein årleg marknad (Radvanský jarmok) i 1655. Marknaden vart overført til hovudplassen i Banská Bystrica på 1900-talet. På 1700-talet var kopargruvene tomme, men nye industriar, som tømmer, papir og tekstil dukka opp. I 1766 vart byen hovudstad i Zvolen fylke[4] og vart samstundes sete for eit romersk-katolsk bispedøme. I tillegg kom det opp fleire institusjonar for høgare utdanning.[8] Dei offentlege tenestene vart bygd ut på 1800-talet. I 1820 kom det første permanente sjukehuset, i 1841 eit teater og i 1889 eit museum. Jernbanen kom til byen frå Zvolen i 1873.[4]

Under den andre verdskrigen vart Banská Bystrica senter for den anti-nazistiske rørsla i Slovakia, då det slovakiske nasjonalopprøret vart starta frå byen den 29. august 1944.[4] Opprørarane vart slått og Banská Bystrica vart ei kort stund okkupert av tyske styrkar før han vart frigjeve av sovjetiske og rumenske troppar den 26. mars 1945.[8] Etter krigen vart Banská Bystrica det administrative, økonomiske og kulturelle senteret sentralt i Slovakia. Han har vore ein universitetsby sidan 1950-åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Banská Bystrica

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Urban Audit». http://www.urbanaudit.org/CityProfiles.aspx. 
  2. Mácelová, Marta (June 2003). «Počiatky prospektorstva a ťažby medenej rudy na Španej Doline». Bystrický Permon 1 (2): 3–10. 
  3. «Archeológia». Stredoslovenské múzeum v Banskej Bystrici. http://www.stredoslovenskemuzeum.sk/archeologia.htm. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Banská Bystrica - History». City of Banská Bystrica. 2007. http://eng.banskabystrica.sk/main.php?id_kat_for_menu=2363&firmy_slovenska_flag=0. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Habšudová, Zuzana (8 July 2002). «Mineral og political wealth of Banská Bystrica mining region has flown». The Slovak Spectator. 
  6. Graus, Igor (Februar 2003). «K najstaršej podobe erbu Banskej Bystrice» (PDF). Bystrický Permon 1 (0): 6–8. 
  7. Klíc k našim mestum' av Karel Liška og Ludvík Mucha, ed. Práce i Praha, 1979
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Donovalová, Katarína (2003) (PDF). Poznaj svoje mesto - Banská Bystrica: Výberová regionálna bibliografia dejín mesta od najstarších čias po súčasnosť. Dunajská Streda: R.G.T. PRESS. Arkivert frå originalen den 2007-09-28. 
  9. Žuffa, Milan (April 2003). «Banskobystrický mediarsky podnik (Banska Bystrica Copper Company)». Bystrický Permon 1 (1): 6–7. 
  10. 10,0 10,1 Tibenský, Ján et al. (1971). Slovensko: Dejiny. Bratislava: Obzor.