Barak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barack Obama

Barak, òg skrive Barack og Barach er eit mannsnamn av to ulike opphav. I jødiske og kristne samanhengar kjem det frå hebraisk בָּרַק, ‘lyn, glimt’, og i muslimske samanhengar kjem det av arabisk بارك, ‘velsigna’, som i sin tur er nært i slekt med det hebraiske namnet Barukh.

Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Namnet har aldri vore vanleg i Noreg:

  • I 1801 var det etter folketeljinga fem som oppgav dette namnet i forma «Barach» eller «Barak», tre av dei budde i Brønnøy.
  • I 1900 var det etter folketeljinga fem som oppgav dette namnet i forma «Barak» eller «Barrak», to av dei budde i Vefsn
  • I 2008 var det tre eller færre som hadde dette namnet til første fornamn, SSB gjev derfor ikkje nærare opplysningar

Barak som bibelsk namn[endre | endre wikiteksten]

Barak etter boka Dommarane i Det gamle testamentet son til Abinoam frå Kedesj i Naftali-landet.[1] Han stridde i lag med Debora mot kanaanearane.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]