Baraka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baraka
Opphavsland USA
Regissør Ron Fricke
Produsent Mark Magidson
Manus Constantine Nicholas
Genevieve Nicholas
Musikk Michael Stearns,
Can Dance
Utgjevingsår 1992
Lengd 96 min.

Baraka er ein film frå 1992 som skildrar kultur, natur og ulike religiøse ritual. Ron Fricke er regissøren bak filmen.

Ordet Baraka tyder velsigning på fleire språk. Filmen er ikkje forteljande, og har korkje handling, skodespelarar eller manuskript. Lydspora er skrivne av blant anna Michael Stearns. Musikken er inspirert av religiøse ritual og natur. Filmen vart tatt opp i 68 mm filmformat.[1]

Dei fem personane som danna filmmannskapet vitja 152 lokasjonar i 24 land gjennom 13 månader. Baraka vart filma i land på seks kontinent: Argentina, Australia Brasil Kambodsja, Kina, Ecuador, Egypt , Frankrike Hong Kong, India, Indonesia Iran Israel, Italia, Japan Kenya, Kuwait Nepal, Polen, Saudi Arabia Tanzania, Thailand Tyrkia og USA.

Baraka er filma i konsentrasjonsleirar i Auschwitz og det kommunistiske fengslet Tuol Sleng i Kambodsja. Filmen viser korleis tilhøva til mennesket til naturen og livet er både harmonisk og destruktive. Han viser opptak av alt frå massegraver til avskoging i praktfull natur.

I oktober 2008 blei det lansert ein digital versjon av Baraka på Blu-ray-plate og DVD.

Baraka er òg tilgjengeleg som fotoboka Baraka: a visual journey. Ho inneheld 58 fotografi som vart tatt av Baraka-produsenten, Marker Magidson.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Dei 20 kapitla av filmen er delt inn i hovudbolkar, A1-A3:

  • A1: Kapittel 01-07: Natur urørt av mennesket - urfolk, rituala deira som en del av naturen.
  • Kapittel 01 – Snow and Ice
  • Kapittel 02 – Temples
  • Kapittel 03 – Light and Shadow
  • Kapittel 04 – The volcano
  • Kapittel 05 – Galápagos Islands
  • Kapittel 06 – Iguazu Falls
  • Kapittel 07 – Africa
  • A2: Kapittel 08-15: Teknologiinnbrot i naturen - menneske riven opp frå røtene i samspel med naturen og med sitt slag - krig og konsentrasjonsleirar.
  • Kapittel 08 – Cigarettes
  • Kapittel 09 – Public Bathing
  • Kapittel 10 – Traffic Chaos
  • Kapittel 11 – Mass Production
  • Kapittel 12 – Madness
  • Kapittel 13 – Aircraft boneyard
  • Kapittel 14 – Shadows of the Past
  • Kapittel 15 – Terracotta Army
  • A3: Kapittel 16-20: Gamle, framleis levende kulturar - Dei arkitektoniske restar av tidlegare sivilisasjonar - i endring og varig for all menneskelig innsats.
  • Kapittel 16 – Living on the river Ganges
  • Kapittel 17 – Sea of Clouds
  • Kapittel 18 – The Kaaba
  • Kapittel 19 – Starry sky
  • Kapittel 20 – (ettertekstar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ebert, Roger (16. oktober 2008). «Great Movies: Baraka (1992)». Chicago Sun-Times / rogerebert.com. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]