Barbados
| Barbados
(norsk: Barbados, barbadisk) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Nasjonalsong | ««In Plenty and In Time of Need»» | ||||
| Motto | Pride and Industry | ||||
| Offisielle språk | Engelsk | ||||
| Hovudstad | Bridgetown | ||||
| Styresett |
Monarki Elisabeth II Clifford Husbands Freundel Stuart |
||||
| Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
430 km² (185.) 0 % |
||||
| Folketal – Estimert (2012) – Folketeljing (2002) – Tettleik |
287 733 (176.) 276 607 669,1 /km² (8.) |
||||
| Sjølvstende - Etter forhandlingar |
Frå Storbritannia 30. november 1966 |
||||
| Nasjonaldag | 30. november | ||||
| BNP – Totalt (2010) – Per innbyggjar |
6 196 mill. USD (150.) 21 700 USD (46.) |
||||
| Valuta | Barbadisk dollar | ||||
| Tidssone | |||||
| Telefonkode | +1-246 | ||||
| Toppnivådomene | .bb
|
||||
Barbados er ein øystat aust i det karibiske havet og vest i Atlanterhavet. Det er ein del av dei små Antillane og har statane Saint Lucia og Saint Vincent og Grenadinane som nærmaste naboar.
Øya er hovudsakleg bygd opp av korall og kalkstein. Ho er 430 km² i utstrekking, hovudsakleg flat, men med høgare område i innlandet. Barbados ligg 13º nord for ekvator og har ein lengdegrad på 59º vest. Klimaet er tropisk med konstante passatvindar. Det finst nokre myrer og mangroveområde her, i tillegg til store menneskeskapte sukkerrøyrplantasjar.
Landet har ein av dei høgaste levestandardane i verda og blir av SN rekna som det fremste utviklingslandet i verda. Det er eit av dei tettast folkesette i verda, og peikar seg òg ut gjennom særs høg lesedugskap blant innbyggjarane.
Namnet Barbados kjem frå den portugisiske oppdagaren Pedro Campos, som i 1536 kalla øya Os Barbados, 'dei skjeggete', etter fikentrea med luftrøter som voks der.
Innhaldsliste |
Historie[endre]
Dei første som kom til øya var nomadar frå Sør-Amerika. Dei første kom rundt år 350. Rundt 800 kom arawakar til, som ifølge arawakar på andre øyar skal ha kalla denne Ichirouganaim. Karibar steig i land på øya på 1200-talet og fortrengde dei tidlegare innbyggjarane. Desse blei i sin tur jaga eller fanga av spanske conquistadorar som brukte dei som slavar. Då britar kom for å busetta seg på øya i 1627 var ho aude.
Britane laga plantasjar som dei dreiv med slavearbeid til dette blei forbode i 1834. Gradvise sosiale og politiske reformer i 1940- og 1950-år førte til sjølvstende frå Storbritannia i 1966.
Klima[endre]
Barbados har tropisk klima påverka av passatvinden. Temperaturane endrar seg lite gjennom døgnet og året. Middeltemperaturen i januar er 25 °C, og i august 27 °C. Årsnedbøren er kring 1250-1500 mm, med mest nedbør i perioden juni-november. Resten av året er tørketid.
Økonomi[endre]
Historisk har produksjon av sukker, melasse og rom vore berebjelkane i økonomien. Men turisme har blitt stadig viktigare for øya, og i 1990-åra blei denne og produksjonsindustrien viktigare enn sukkerindustrien.
Klima[endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Barbados – klima»
Bakgrunnsstoff[endre]
|
|
|
|---|---|
| Antigua og Barbuda | Bahamas | Barbados | Belize | Costa Rica | Cuba | Dominica | Den dominikanske republikken | El Salvador | Grenada | Guatemala | Haiti | Honduras | Jamaica | Mexico | Nicaragua | Panama | Saint Kitts og Nevis | Saint Lucia | Saint Vincent og Grenadinane | Trinidad og Tobago |
|
|
|||
|---|---|---|---|
| Medlemmar | Antigua og Barbuda · Bahamas · Barbados · Belize · Cookøyane · Cuba · Dominica · Fiji · Grenada · Guinea-Bissau · Guyana · Haiti · Jamaica · Kapp Verde · Kiribati · Komorane · Kypros · Maldivane · Malta · Marshalløyane · Mauritius · Mikronesiaføderasjonen · Nauru · Niue · Palau · Papua Ny-Guinea · Seychellane · Salomonøyane · São Tomé og Príncipe · Singapore · Saint Kitts og Nevis · Saint Lucia · Saint Vincent og Grenadinane · Surinam · Tonga · Trinidad og Tobago · Tuvalu · Vanuatu | ||
| Observatørar | Amerikansk Samoa · Guam · Dei amerikanske Jomfruøyane
|
||