Barbeau Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barbeau Peak frå aust

Barbeau Peak er den høgste fjelltoppen i Nunavut i Canada. Toppen ligg på 81 grader 54 minuttar nordleg breiddegard, og 75 grader 1 minutt vestleg lengd. Fjellet ligg i Quttinirpaaq nasjonalparkEllesmereøya. Fjelltoppen fekk sitt namn i 1969 til minne om den canadiske antropologen Marius Barbeau. Barbeau vann internasjonalt ry for si forsking på indianske og inuittiske kulturar. Barbeau Peak, som er 2616 moh, er det høgste fjellet i den arktiske cordilleraen.

Barbeau Peak har djupe, lange bresprekker og smale egger. Veret er høgst variabelt og skiftar ofte brått.

Barbeau Peak vart klive første gong 7. juni 1967 av den britiske vitskapsmannen Geoffrey Hattersley-Smith som var med på feltstudiar i området. Forskingsekspedisjonen han var med på, namnsette fjelltoppen og bestemte høgda på han. Eit US-amerikansk turlag på åtte var dei neste som var på toppen. I juni 1982 kom dei opp via nordegga. Berre ved sju høve har det vore folk på toppen (2006).