Bardsey Island
| Bardsey Island Lokalt namn: Ynys Enlli |
|
|---|---|
Bardsey Island sett frå Mynydd Mawr |
|
| Geografi | |
| Stad | Irskesjøen |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgaste punkt | Mynydd Enlli (167 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Wales |
| Hovudområde | Gwynedd |
Bardsey Island (walisisk Ynys Enlli) er ei øy som ligg 3 km utanfor Llŷnhalvøya i området Gwynedd i Wales.[1]. Det walisiske namnet tyder 'Øya i straumane'.[2] Ho er 400 meter brei og 1,6 km lang. Nordaustsida a vøya stig bratt opp frå sjøen til ei høgd på 167 meter over havet ved Mynydd Enlli,[3] medan vestsida er låg og relativt flatt oppdyrka jordbruksland.[4] Sidan 1974 har øya høyrt til Aberdaron.[5]
Øya har vore ein viktig religiøs stad sidan St. Cadfan bygde eit kloster her i 516.[6] I mellomalderen var det eit stort pilegrimssenter og frå 1212 høyrte det til dei augustinske Canons Regular.[7] Klosteret vart øydelagd av Henrik VIII i 1537,[8] men øya har heldt fram som pilegrimsmål heilt fram til våre dagar.[8]
Bardsey Island er i dag kjend for dyrelivet og det kuperte landskapet. Det vart oppretta eit fugleobservatorium her i 1953, hovudsakleg fordi øya ligg midt i trekkfuglruta.[9] Her finn ein viktige fuglar i Europa, som havlire og alpekråke, samt sjeldne planter og habitat som ikkje er øydelagde av moderne jordbruk.[10] Det er ein av dei beste stadane i Gwynedd for å sjå gråsel; og farvatnet rundt øya trekkjer til seg delfinar og niser.[9]
Den andelegheita og heilagheita ved øya, den relativt aude plasseringa og at ho i følgje segna er gravstaden til kong Arthur, har gjort at ho har ein spesiell plass i kulturlivet i Wales. Ho har trekt til seg mange kuntnarar, forfattarar og musikarar.[11] Ho har inspirert til prisvinnande litteratur[12] og trekt til seg internasjonal kjende songarar.[13]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bardsey Island» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Encyclopaedia Britannica : Bardsey Island Henta 25. mars 2010
- ↑ Samuel Lewis, A Topographical Dictionary of Wales, 1849, S Lewis and Co, London, 474 s.
- ↑ Cycling North Wales : Cycle Ride from Aberdaron Henta 25. mars 2010
- ↑ Gwynedd Archaeological Trust: Bardsey Henta 25. mars 2010
- ↑ Ordnance Survey : Election Maps: Gwynedd Henta 25. mars 2010
- ↑ British Broadcasting Corporation: Island of 20,000 Saints Henta 25. mars 2010
- ↑ University College London Institute of Archaeology: Bardsey Island Henta 25. mars 2010
- ↑ 8,0 8,1 Bardsey Island Trust: The Island : History Henta 25. mars 2010
- ↑ 9,0 9,1 British Broadcasting Corporation : Wildlife Haven Henta 25. mars 2010
- ↑ Countryside Council for Wales : Core Management Plan Including Conservation Objectives for Clogwyni Pen Llŷn SAC Henta 25. mars 2010
- ↑ Bardsey Island Trust : Enlli and the Arts Henta 25. mars 2010
- ↑ British Broadcasting Corporation : 24. mai 2009 : Singer-songwriter Wins Book Prize Henta 25. mars 2010
- ↑ Daily Telegraph : 11. september 2008 : Bryn Terfel : Why I Nearly Fled the Last Night Henta 25. mars 2010