Bardu kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 68°51′37″N 18°21′03″E

Bardu kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1922
Fylke Troms
Adm.senter Setermoen
Areal 2 697 km²
Folkemengd 3 933 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-2015) Arne Nysted (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.bardu.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1922.svg
Bardu kommune på Commons

Bardu (samisk: Bearddu) er ein innlands- og fjellkommune i Troms fylke. Kommunen grensar i nord til kommunane Sørreisa og Målselv, i vest til Salangen og Lavangen og i sør til Narvik. I sør og aust ligg Kiruna kommune i Sverige.

Bardu kommune ligg i fleire samanhengjande dalføre mellom fjella i Indre Troms og har nærare 4000 innbyggjarar. Den administrative og politiske leiinga er i kommunesenteret Setermoen.

Forsvaret har sidan 1898 hatt ei omfattande verksemd i kommunen og er den største arbeidsgjevaren. Bardu er også vasskraftkommune med fleire store kraftverk langs Barduelva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bardudalen med Barduelva i retning Setermoen

Etter at flaumen Storofsen råka mellom anna det indre Austlandet hardt sommaren 1789 sette fogden i Senjens og Tromsø fogderi, Jens Holmboe, i gang eit stort arbeid for å få gje folk som hadde kome ille ut, ein ny start som busetjarar i Bardu. Det vart starten på ei stor tilflytting av folk frå Østerdalen og Gudbrandsdalen på 1700- og 1800-talet til Indre Troms.

Bardu kommune vart oppretta som eigen kommune i 1854, då han vart skild ut frå Ibestad kommune.[2]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Bardu kommune frå 1855:

1855[3] 1900[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
757 1646 1758 1828 2355 2509 3652 3923 4058 3828 3845 3949

Tettstad i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjer, kapell og kyrkjegardar[endre | endre wikiteksten]

Bardu kyrkje som stod ferdig i 1829, er den einaste kyrkja i kommunen. Eit kyrkjelydshus vart førd opp i tilknyting til kyrkja i 1993.

I tillegg er det tre kapell i kommunen, eitt i kvart dalføre; Nedre Bardu kapell, Øvre Bardu kapell og Salangsdalen kapell.

Det er åtte større og mindre kyrkjegardar og gravlundar i kommunen.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Parti Prosent Stemmer Plassar i by-/kommunestyret Medlemmer i
formannskapet
% ± totalt ± totalt ±
Arbeidarpartiet 31,3 -0,3 542 -35 8 0 3
Fremskrittspartiet 8,9 8,9 154 154 2 2 1
Høgre 17,9 -12,5 311 -244 4 -4 1
Senterpartiet 29,1 6,2 505 88 7 1 2
Sosialistisk Venstreparti 6,2 0,9 108 12 2 1
Venstre 3,3 -0,4 57 -10 1 0
Valdeltaking/Total 58,4% 1734 25 7
Ordførar: Oddvar Bjarne Bjørnsen (SP) Varaordførar: Arne Nysted (AP)

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet viser ein svart jerv på gul botn. Jerven er eit symbol på dei store skogane og det rike dyrelivet i kommunen.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. 3,0 3,1 "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Bardu 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Systerprosjekt[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bardu kommune
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.