Barentsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barentsøya
Monolitt og klippe i nordenden av Barentsøya, sett frå hytta på Frankenhalvøya
Monolitt og klippe i nordenden av Barentsøya, sett frå hytta på Frankenhalvøya
Geografi
Barentsøya.png
Stad Nordishavet
Koordinatar 78°25′N 21°27′EKoordinatar: 78°25′N 21°27′E
Øygruppe Svalbard
Areal 1288 km², der isbrear utgjer 558 km²
Kystlengd 205 km
Høgaste punkt Schweinfurthberget (590 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Demografi
Folketal 0

Barentsøya er ei av øyane som utgjer øygruppa Svalbard. Barentsøya ligg mellom Spitsbergen og Edgeøya. Store delar av øya er dekte av Barentsjøkulen. Øya har ei flatevidd på 1288 km², der breane utgjer 558 km². Det høgaste punktet er Schweinfurthberget på 590 moh.

I nord, i sundet mellom Barentsøya og Spitsbergen, ligg Kükenthaløya. I sør, mellom Barentsøya og Edgeøya, ligg Freemansundet.

Barentsøya har ingen permanent busetnad og er kalla opp etter den nederlandske oppdagaren Willem Barents.

Det finst ei hytte på Frankenhalvøya i nordenden av Barentsøya. Det er ei gammal fangsthytte som ikkje er i bruk lenger, men området har vore brukt som depot for helikopterdrivstoff til bruk under teljing av isbjørn.

Frå Frankenhalvøya er det lett å ta seg inn til det indre av øya. Andre stader kan det vere vanskeleg på grunn av høge klipper.

I Dorstbukta kjem Besselbreen ut. Han har trekt seg mange kilometer tilbake i løpet av dei siste åra. Kapp Bessel, som ligg aust for utløpet til breen er no (i 2007) heilt endra frå det som står i karta. Dette skuldast at neset utelukkande består av lausmassar, og desse vert vaska ut igjen i sjøen. I Dorstbukta er det òg eit stort fuglefjell som hovudsakleg vert nytta av krykkje. I hekkeperioden er dette ein sikker stad å observere isbjørn på nært hald. Om sommaren er det mange isbjørner på Barentsøya. Nokre sirklar rundt øya på jakt etter mat. Andre held seg fast under fuglefjell og atter andre okkuperer dei mindre øyane som Engeløya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]