Barentsburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barentsburg
busetnad
Barentsburg sett frå Grønfjorden
Land  Noreg
Areal km²
Folketal 471 (2015)
Kart
Barentsburg
78°03′54″N 14°12′58″E / 78.065°N 14.216°E / 78.065; 14.216
Kart over Svalbard
Kart over Svalbard
Kart over Svalbard
Wikimedia Commons: Barentsburg

Barentsburg (russisk Баренцбург) er ein gruvebySvalbard med cirka 700 innbyggarar, russarar og ukrainarar. Byen er oppkalla etter oppdagaren Willem Barents. Barentsburg ligg om lag 40 kilometer frå Longyearbyen i luftlinje. Det er ingen vegar til mellom busetnadane på Svalbard, så skal ein reise dit frå Longyearbyen må ein anten nytte snøskuter om vinteren eller båt i den isfrie perioden. Heile året er det mogleg å bruke helikopter dit, det er ein mindre landingsplass på Kapp Heer rett utanfor byen.

Byen har hotell, forsamlingslokale, museum, idrettshall, symjebasseng og annan busetnad. Innbyggarane er til stor del sjølvforsynte med grønsaker frå eiget drivhus, og dei har au eiget fjøs. Det er norsk postkontor på hotellet.

Den klart dominerande arbeidsgivaren er det russiske gruveselskapet Trust Arktikogul. Dei fleste som arbeider i kolgruvene er ikkje russarar, men ukrainarar. Byen blei hardt ramma etter flyulykka på Operafjellet der besetninga og alle passasjerane, menn, kvinner og born, omkom.

Den russiske konsulen på Svalbard har kontor i Barentsburg. Samanlikna med norske tilhøve er det fattige tilstandar i byen, men det gis noko støtte frå Longyearbyen til innbyggjarane. Sysselmannen utøver politi- og domsmyndigheit som elles på Svalbard.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]