Barentsregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barentsregionen, eller Barents euroarktiske region, er ei formalisering av eit regionalt samarbeid på Nordkalotten og i den nordvestlege delen av Russland. Namnet kjem av Barentshavet.

Barentsregionen består av desse administrative områda:

Område i Noreg: Nordland, Troms, Finnmark
Område i Sverige: Västerbotten, Norrbotten
Område i Finland: Lappland, Norra Österbotten, Kajanaland
Område i Russland: Murmansk oblast, Arkhangelsk oblast, Republikken Komi, Republikken Karelen, Nenets autonome område

Barentsregionen vart formelt oppretta 11. januar 1993 på initiativ av Noreg, der både UDs Sverre Jervell og utanriksminister Thorvald Stoltenberg var sentrale. Eit av motiva bak opprettinga av Barentsregionen var å bygge opp handelsambandet på tvers av aust-vest-grensa frå den kalde krigen, eit anna var å danne Noregs bidrag til regionanes Europa før den planlagde EU-utvidinga i 1994.

Leiarvervet i det formaliserte samarbeidet i Barentsregionen går på omgang mellom dei fire statane. Den norske delen av barentssamarbeidet blir administrert frå Barentssekretariatet i Kirkenes. På svensk og finsk side har samarbeidet tradisjonelt vorte koordinert av tilsette med ansvar for internasjonale saker i lensadministrasjonen i Umeå og Rovaniemi. Noko av det spesielle med samarbeidet i Barentsrgionen er at ikkje berre statane deltar. I samarbeidet er det og eit regionråd der representantar for regionane samarbeider.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.