Bari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bari
Byvåpenet til Bari
Byvåpenet til Bari


Plassering
Bari is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Puglia
Bari
Borgarmeister Michele Emiliano
Geografi
Flatevidd
 - By

116 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

328 458
  2827/km²
Koordinatar 41°8′″N 16°52′″EKoordinatar: 41°8′″N 16°52′″E
Høgd over havet 1 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 70121-70131
Telefon-retningsnummer 080
Nettstad: www.comune.bari.it

Bari er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Bari og i regionen Puglia og har om lag 330 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Adriahavet og er den nest største økonomiske senteret i Sør-Italia og er ein kjend hamne- og universitetsby. Sjølve byen har fallande folketal, medan storbyområde veks raskt og har om lag 650 000 innbyggjarar.

Bari består av fire område. I nord ligg den tettbygde gamlebyen på ei halvøy mellom to moderne hamner. Her står den flotte basilikaen San Nicola, domkyrkja San Sabino (1035 - 1171) og Castello Svevo, slottet til Fredrik II. Murattiano ligg i sør og er det moderne senteret i byen. Han har eit rektangulært plan og ein promenade ved sjøen. Dette er det store shoppingområdet i byen. Den meir moderne byen rundt dette sentrumet er eit resultat av kaotisk utvikling på 1960- og 1970-talet. Til slutt finn ein dei ytre forstadane som har vore i rask utvikling sidan 1990-åra. Byen har ein nyomforma flyplass kalla opp etter pave Johannes Paul II, Karol Wojtyla lufthamn, med samband til mange europeiske byar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Barion (latin Barium) i regionen Peucetii ser ikkje ut til å ha vore særleg viktig for grekarane som koloniserte området. Då han kom under romarane på 200-talet fvt. utvikla han seg til ein strategisk viktig stad der kystvegen og Via Traiana møtte kvarandre. Hamna, som vart nemnd alt i 181 fvt., var truleg den viktigaste hamna i regionen i antikken, noko han framleis er. Den første historiske biskopen i Bari var Gervasius som mellom anna vart nemnd i Rådet i Sardica i 347. Biskopane var underlagt patriarken Konstantinopel fram til 900-talet.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Etter øydeleggingane under gotarkrigen vart det oppretta ei rekkje forskrifter under langobardane, Consuetudines Barenses, som påverka liknande lover i andre sørlege byar.

Bari kom på det politiske kartet i regionen i 852 då han vart eit senter for den arabiske emiren Kahfun i ein heil generasjon. Seinare tok ein emir som ein ikkje veit namnet på over, medan Sawdan var den siste. Byen vart gjenerobra av Austromarriket i 870. I 885 vart han residens for den lokale austromerske catapanen eller guvernøren. Dei langobardiske adelsmennene Melus av Bari og svigerbror hans Dattus organiserte eit opprør mot det austromerske styret, men dei leid eit kraftig nederlag i slaget ved Cannae i 1018. Dette gav derimot normannarane deira første fotfeste i regionen. I 1025 under erkebiskop Byzantius kom Bari inn under Kyrkjestaten.

I 1071 vart Bari erobra av Robert Guiscardetter ei tre år lang omleiring. Maio av Bari (d. 1160), ein lombardisk handelsson, var den tredje av dei mektige admiralane i det normanniske Sicilia. Basilica di San Nicola vart bygd i 1087 for å huse leivningane av denne helgenen, som vart frakta hit i smug frå Myra i Lycia. Helgenen trekte til seg pilegrimar, noko som gjorde godt for økonomien til Bari. I 1095 forkynna Peter Eremitt om det første krosstoget her. I oktober 1098 kalla Urban II, som hadde vigsla basilikaen i 1089, inn til Rådet i Bari, eit av ei rekkje kyrkjemøte der ein prøvde å føre saman igjen den greske og den latinske kristendomen. Grekarane var ikkje med på den latinske tenkemåten og det store skismaet var ikkje til å unngå.

Ein borgarkrig braut i Bari i 1117 med mordet på erkebiskop Riso. Grimoald Alferanites, ein innfødd langobard, tok over kontrollen i byen og vart vald til herre for å stå imot normannarane. I 1123 hadde han knytt nære band til Austromarriket og Venezia og tatt tittelen gratia Dei et beati Nikolai barensis princeps. Han hylla seinare Roger II av Sicilia, men gjorde opprør og vart slått i 1132.

I 1156 vart Bari plyndra og rasert, men Fredrik II av Det tysk-romerske riket og konge av Sicilia, bygde festninga i Bari opp att, før han igjen fleire gonger vart øydelagd. Bari kom seg tilbake kvar gong.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Isabella di Aragona, prinsesse av Napoli og enka til hertugen av Milano Gian Galeazzo Sforza bygde ut slottet og budde her 1499-1524. Etter Bona Sforza, dronning av Polen, vart Bari ein del av Kongedømet Napoli. Då Napoleon invaderte Italia sette han inn svigerbroren Joachim Murat som konge i Napoli. Murat førte i 1808 ein ny bydel i Bari, som i dag har hans namn, Murattiano. Som følgje av denne utbygginga utvikla Bari seg til den viktigaste hamnebyen i regionen.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Som følgje av tragiske samanfall som ingen av sidene i den andre verdskrigen meinte å utføre, vart Bari den første europeiske byen som opplevde kjemisk krigføring i løpet av krigen.

Natt til 2. desember 1943 gjekk dei tyske bombeflya Junkers Ju 88 til åtak på hamna i Bari, som var ein nøkkelbase for dei allierte styrkane som kjempa seg oppover den italienske halvøya. Fleire allierte skip sokk i hamna, mellom anna «John Harvey» som transporterte sennepsgass. Det kjemiske stoffet skulle nyttast om dei tyske styrkane starta kjemisk krigføring. At gassen låg her var strengt hemmeleg og styresmaktene på land hadde ikkje kjennskap til det. Dette auka talet på omkomne sidan lækjarane ikkje hadde aning om kva dei hadde med å gjere og ved at fleire redningsmenn gjekk inn i det gassutsette området for å redde dei som vart råka.

Etter direkte ordre frå Winston Churchill vart dokumenta om hendinga makulert og heile hendinga vart halde hemmeleg i mange år etter krigen. Ein veit ikkje kor mange som omkom og i sogene varierer talet frå 69, hovudsakleg amerikanske sjømenn, til fleire tusen soldatar og sivile. [1]. Årsaka til at ein kunne halde det hemmeleg i lang tid var at åtaket frå tyskarane, som vart kalla «Den vesle Pearl Harbour» i seg sjølv var særs øydeleggjande.

Gamlebyen i Bari (Lungomare Perotti)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bari