Barisanfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit geologisk kart over Sumatra

Barisanfjella (indonesisk: Bukit Barisan) er ei fjellkjede langs vestsida av øya Sumatra i Indonesia. Fjellkjeda er nær 1 700 km lang frå nord til sør på øya. Barisanfjella består i hovudsak av vulkanar omkransa av tett jungel, med tropiske furuskogar øvst i fjellskråningane. Høgste fjelltoppen i fjellkjeda er Kerinci med sine 3 805 moh. 'Bukit Barisan Selatan nasjonalpark' ligg nær sørenden av fjellkjeda.

I Barisanfjella er det 35 aktive vulkanar. Største vulkanen er supervulkanen Toba som ligg i eit 100 km × 30 km stort område med innsjøen Toba. Supervulkanen vart danna då ein caldera kollapsa for ikring 74 000 år sidan. Utbrotet er berkena til å ha vore på nivå åtte på vulkaneksplosivitetsindeksen, det høgast moglege nivå for eit vulkanutbrot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]