Barking Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Barking Park er ein park i London Borough of Barking and Dagenham, som ligg i austre London. Parken dekkjer eit område på litt under 30 hektar, og ligg aust for bysenteret i Barking og nær grensa til Loxford.

Det mest kjende ved parken er ein lang og lineær innsjø ved nordsida av parken, som blir nytta til roing og liknande med båt. Av andre fasilitetar kan ein nemne ein leikeplass, tennisbanar, ballplassar, fotballbanar, rullebrettpark, og ein blomsterhage. Det finst òg ein miniatyrjernbane som opna på 50-talet, og er nå nyopna med nye tog og universell utforming.