Barking i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Barking i England

Barking Abbey med St Margaret's-kyrkja i bakgrunnen
Barking Abbey med St Margaret's-kyrkja i bakgrunnen
Plassering
Barking i England is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-London
Distrikt Barking and Dagenham
Geografi
Koordinatar 51°32′″N 0°5′″EKoordinatar: 51°32′″N 0°5′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer IG11
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Barking i England

Barking er ein by i Stor-London i England. Han ligg i bydelen Barking and Dagenham, ved elva Roding i den austlege delen av Stor-London. Folketalet i Barking og nabobyen Dagenham var i 2001 tilsaman 163 944.

Vilhelm Erobraren oppheldt seg noko tid i Barking rett etter erobringa av England i 1066. Han budde i klosteret på staden, Barking Abbey, medan han venta på at Tower of London skulle bli ferdig. Barking Abbey vart grunnlagt i 666 av Erkenwald, som seinare vart biskop av London. Det vart øydelagd av danane omkring 870, og gjenoppbygd omkring eit hundreår seinare av kong Edgar. St. Margarets kyrkje er frå normannisk tid. Kaptein James Cook gifta seg med Elizabeth Batt i denne kyrkja.

Byen oppstod som ein fiskarlandsby. Det er usikkert når dette skjedde, men det var seinast i tudortida. Fiskarane forsynte marknadane i London, og ein del fiska så langt unna som Island. Sam Hewitt (fødd 1802) dreiv Short Blue Fleet, som var den største fiskarflåten i England på den tida, frå Barking.

Ved munningen av Roding, i Barking Creek, ligg eit stort kloakkreinseverk som tar imot kloakken frå ein stor del av London.

Fengselsreformatoren Elizabeth Fry er gravlagd på kvekarane sin kyrkjegard i Barking.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Barking stasjon betener både jernbanen og London Underground.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]