Barlindneset naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Store-Standal mot Barlindneset naturreservat på andre sida av Hjørundfjorden. Barlindneset er neset i høgre biletkant, og naturreservatet strekkjer seg langs nedre del av fjellsida til gjølet heilt i venstre biletkant, Stokkelia.
Foto: Johan Simon Seland

Barlindneset naturreservat er eit naturreservat på austsida av Hjørundfjorden i Ørsta kommune i Møre og Romsdal, i området mellom gardane Nes og Molaupen. Naturreservatet blei oppretta ved kongeleg resolusjon 13. oktober 2000. Naturreservatet omfattar 1400 daa.

Barlindneset naturreservat ligg i den svært bratte utmarka tilhøyrande gardane Molaupen gnr 112 bnr 1 og 2 i Ørsta og Nes gnr 112 bnr 1 og 2 i Ørsta.

Fredingsvedtaket § 2 seier følgjande: «Føremålet med fredinga er å sikre eit naturmiljø med ein stor og vital barlindførekomst i Møre og Romsdal. Området har eit verdfullt innslag av kravfulle edellauvskogartar.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]