Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Inngangen til Barne- og likestillingsdepartementet m.fl. i Oslo
Foto: Alejandro Decap

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet er eit norsk departement som blei oppretta 1. januar 2006 frå Barne- og familiedepartementet. Ved regjeringsomdanninga 20. oktober 2009 blei det bestemt at også integrering skal leggjast under departementet med verknad frå 1. januar 2010. Departementet skiftar då namn til Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet. Andre arbeidsområde er styrking av forbrukarrettar, trygg oppvekst og høve til deltaking og medbestemming i samfunnet for barn og unge, at familiar skal leve i tryggleik, både økonomisk og sosialt og at det skal bli full og verkeleg likestilling mellom kvinner og menn og for minoritetsgrupper. Det er Barne- og likestillingsdepartementet som løyver storbymidlar til dei 23 bykommunane som er peika ut.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Barne- og likestillingsdepartementet blei oppretta 1. januar 2006 med oppgåver frå Barne- og familiedepartementet, som blei lagt ned samtidig. Namnet Barne- og familiedepartementet blei innført 1. januar 1991. Eitt år tidlegare blei Familie- og forbrukardepartementet oppretta ved kongeleg resolusjon av 22. desember 1989. Det nye departementet fekk overført saksområde frå det nedlagde Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, Sosialdepartementet, Kommunal- og arbeidsdepartementet, Justisdepartementet, Miljøverndepartementet (SFT) og Kulturdepartementet.

Grunngjevinga for å opprette departementet var at ein ønska å styrke innsatsen for barn og familiar. Arbeidsfelta skulle særleg vere likestilling, produktsikring, forbrukarvern og trygging av barn sine rettar.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Avdelingar[endre | endre wikiteksten]

Departementet har fire avdelingar:

  • Barne- og ungdomsavdelinga
  • Samlivs- og likestillingsavdelinga
  • Forbrukeravdelinga
  • Plan- og administrasjonsavdelinga

Underliggande etatar[endre | endre wikiteksten]

Politisk leiing[endre | endre wikiteksten]

Audun Lysbakken frå SV) tok over som barne- og likestillingsminister etter Anniken Huitfeldt frå Ap den 20. oktober 2009. Huitfeldt hadde då vore statsråd og sjef for departementet sidan 29. februar 2008. Lysbakken blei den første mann som leiar for Barne- og likestillingsdepartementet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]