Barneombodet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barneombodet

TypeForvaltingsorgan
VirkefeltNoreg
Skipa1981
Org.nummer971527765
BarneombudInga Bejer Engh[1]
HovudkontorKarl Johans gate 7, 0154 Oslo
UndergrupperBarne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
EigarBarne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet[2]
Tilsette18 (2015)[2]
Nettsidebarneombudet.no

Barneombodet er eit offentleg ombod, skipa med heimel i Lov om barneombod av 6. mars 1981. Ombodet si oppgåve er å sjå til at lovgjeving som gjeld barn sine interesser blir etterlevde. Barneombodet blir utnemnt av Kongen i statsråd for ei fireårsperiode, og kan maksimalt sitje i to periodar. Barneombodet er ein fagleg autonom institusjon, men er administrativt underlagt Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I boka «Umyndige personer» lanserte Anders Bratholm tanken om eit barneombod i Noreg allereie i 1969. Etter debatt utover på 1970-talet blei Barnelovutvalet sett ned i 1975, leia av Frederik Beichmann. Ved opprettinga i 1981 blei Målfrid Grude Flekkøy det første barneombodet i verda.

Barneomboda[endre | endre wikiteksten]

Ida Hjort Kraby blei utnemnd 8. februar 2008, og skulle etter planen tiltre som nytt barneombod i april 2008, men trekte seg allereie 14. februar 2008 etter at det blei kjent at det hadde vore personleg kontakt med barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen, sjå Barneombodsaka. Reidar Hjermann hadde sin siste arbeidsdag på kontoret 11. april 2008, og nestleiar hos barneombodet Knut Haanes tok til 14. april 2008 som fungerande barneombod medan arbeidet med å tilsette ein etterfølgjar heldt fram. Reidar Hjermann blei så gjenoppnemd 20. juni 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]