Barnevelder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barnevelderhøne med kyllingar.
Barnvelderegg.

Barnevelder er ein tung hønserase som stammar frå byen Barneveld i provinsen Gelderland i Nederland.

Barnevelder er blant anna avla fram av Rhode Island red (R.I.R.), Wyandottar og fleire store asiatiske kamphøns. Den vart avla fram på 1900-talet for å legge svært brune egg. Den er ein god verpar, men den har inga utprega rugelyst. Egga har tjukt skal, og dette gjer at kjuklingane har vanskeleg for å kome ut.

Rasen kan vere kamplysten, og trivst difor ikkje under småe forhold. Dei er flinke til å leite etter mat, lette å avle opp, og dei veks forholdsvis raskt. Iblant kan fjørutviklinga kome seint. Dei byrjar å verpe når dei er om lag 6-7 månadar gamle. Dei er hardføre og toler kulde godt.

Dvergvarianten stammar også frå Nederland. Egga er mørkebrune med brune flekkar, og dei veg om lag 60 gram for store høns, og 40 gram for dverg. Hanen veg 3,5 kg, og høna veg 2,5 kg. For dverg veg hanen 1,1 kg og høna 1 kg.

Fargar[endre | endre wikiteksten]

  • Kvit
  • Svart
  • Dobbelrandteikna
  • Blå/dobbelrandteikna
  • Rapphønsfarga
  • Blå/rapphønsfarga
  • Mørkebrun