Barra Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barra Head
Lokalt namn: Ceann Bharraigh
Geografi
Barra Head is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°29′ N 5°35′ WKoordinatar: 56°29′ N 5°35′ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 2,04 km²
Høgaste punkt Sotan (193 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Demografi
Folketal 0

Barra Head eller Berneray (skotsk-gælisk Ceann Bharraigh eller Beàrnaraigh) er ei øy i Atlanterhavet i øygruppa Ytre Hebridane på vestkysten av Skottland. Barra Head er den sørlegaste av øyane i øygruppa.

Gressvegetasjon og sauer på beite på toppen av ei av klippene på Barra Head
Foto: Bob Jones

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Barra Head vart i utgangspunktet berre nytta om det sørlege neset på øya. Berneray kjem frå norrønt, Bjørnøya. For å skilje denne øya frå Berneray nord for North Uist vert øya gjerne på gælisk anten kalla Beàrnaraigh Cheann Bharraigh (Berneray med Barra Head) eller Beàrnaraigh an Easbaig (Biskopens Berneray, jamfør Bishop's Isles som eit anna namn på Barra Isles). [1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mange fuglar hekkar i dei bratte klippane på sørsida av øya.
Foto: Bob Jones

Barra Head ligg lengst sør av øyane i dei ytre Hebridane. Like nord for Barra Head ligg Mingulay. Aust for øya ligg skjeret Sgeir Mhòr og i vest skjeret Sgeir Chriosnain.

Øya har eit areal på 2,04 km²[2] og det høgaste punktet på øya er Sotan 193 meter over havet. Sørsida av øya er særs bratt, med høge klipper som stupar rett ned i havet. På nordsida er det noko slakare og der ligg òg den einaste landingsplassen for båtar på øya. Det finst machair på øya, men ingen tre.

Øya her ikkje vore busett sidan 1931, men unntak av fyrtårnet som var bemanna fram til 1980.

Fugleliv[endre | endre wikiteksten]

Øya er kjent for det rike fuglelivet og vart i 1993 verna som ein Site of Special Scientific Interest (Stad av særleg vitskapleg interesse).[3] Sidan 2000 har øya vore eigd av National Trust for Scotland.

Blant fuglane som hekker på Barra Head er alke og andre alkefuglar, måse, lundefugl, lomvi, krykkje, skarv og havhest. I 1985 vart det berekna at 2 % av alkebestanden i verda hekka her.[4]

Fyr[endre | endre wikiteksten]

Barra Head
Fyret med dei andre øyane i Barra Isles i bakgrunnen.  Foto: Bob Jones
Fyret med dei andre øyane i Barra Isles i bakgrunnen.
Foto: Bob Jones
Stad Ytre Hebridane i Skottland
Oppretta 1833
Fyrtårn
Høgd 18 m
Form Kvitt tårn
Byggjemateriale Stein
Fyrlys
Lyskarakter Kvitt blink kvart 15. sekund
Lyshøgd 208 moh
Lysvidde 15 nm
Status
Automatisert 1980
Fyret ligg på toppen av ei bratt klippe.
Foto: Tony Kinghorn

Fyret på Barra Head vart vedteke oppretta i 1830. Staden vart valt av fleire årsaker, Barra Head er omtrent halvvegs mellom Eilean Glas og fyret Rinns of Islay på øya Orsay. Øya ligg òg ved den sørlege innseglinga til the Minch. Fyret vart kontstruert av ingeniøren Robert Stevenson og vart første gong tent 15. oktober 1833.

Fyrtårnet ligg vest på Barra Head, på toppen av ei bratt klippe 190 meter over havet. Sjølve fyrbygningen er oppført i kvit stein og er 18 meter høg. Det har ei rekkevidde på 15 nautiske mil. Fyret vart automatisert i 1980 og den siste fyrvaktaren forlet fyret 23. oktober 1980.

Lyset blenkjer med kvitt lys, med intervall på 15. sekund. [5]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Barra Head

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Iain Mac an Tàilleir (2003). Placenames A-B (engelsk). Pàrlamaid na h-Alba. Vitja 3. mars 2010.
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543. 
  3. Mingulay, Berneray og Pabbay. NTS. Vitja 3. mars 2010.
  4. Mingulay og Berneray SPA. JNCC. Vitja 3. mars 2010.
  5. Barra Head Lighthouse. Northern Lighthouse Board. Vitja 3. mars 2010.