Barre des Écrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barre des Écrins
Barre des Ecrins 20060727.jpg
Høgd over havet 4 102 moh
Ligg i/på Frankrike Frankrike
Fjellkjede Dauphiné-Alpane
Primærfaktor 2 045 m
Koordinatar 44°55′N 6°20′EKoordinatar: 44°55′N 6°20′E
Førsteklatring 25. juni 1864 av Adolphus Moore, Horace Walker og Edward Whymper, Michel Croz, Christian Almer og Christian Almer (far og son).

Barre des Écrins er eit fjell i Dei franske Alpane og det høgaste punktet i Massif des Écrins med ei høgd på 4 102 meter over havet. Det er òg det sørlegaste fjellet i Alpane med ei høgd over 4 000 meter.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Barre des Écrins ligg mellom dalane til elvane Durance og Isère. Dette skiljet passerer 250 meter vest for toppen, langs ryggen som går til nabofjellet Dôme des Écrins på 4 015 moh. Sørsida av Barre des Écrins er steinete, medan nordsida er islagd og utspringet til Glacier Blanc.

Stiging[endre | endre wikiteksten]

Fjellet vart først klatra 25. juni 1864 av Adolphus Moore, Horace Walker og Edward Whymper, saman med fjellførarane Michel Croz, Christian Almer, og Christian Almer, samnemnde far og son. Ein tur til topps tar vanlegvis utgangspunkt frå Pré de Madame Carle i dalen Ailefroide. Den vanlege ruta går langs heile Glacier Blanc, som òg er den vanlegaste ruta til Dôme des Écrins, eit av dei lettaste fjella over 4 000 meter i Alpane å klatre til topps på.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]