Barretinas-opprøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barretinaen er ein tradisjonell hatt i Catalonia. Det vart òg nytta om katalanarane generelt.

Barretines-opprøret (katalansk Revolta dels Barretines) eller Gorretes-opprøret var eit katalansk opprør mot styret til King Karl II av Spania. Den viktigaste årsaka var innkvarteringa av soldatane til staten, men dei protesterte òg mot høge skattar i tillegg til at katalanske nasjonalistiske spaningar spelte ei rolle. Opprøret vart finansiert og støtta av Frankrike som ein del av niårskrigen. Opprøret varte frå 1687 til 1689.

Opprøret fekk særleg støtte på landsbygda, særleg hos dei fattige. Dei einaste medlemmane frå eliten som støtte opprøret var rike borgarlege frå landsbygda. I Barcelona var det heller lite støtte å få hos kjøpmenn, dei intellektuelle og det lokale styret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kamen, Henry (1977). «A Forgotten Insurrection of the Seventeenth Century: The Catalan Peasant Rising of 1688» (fee required). Journal of Modern History (University of Chicago Press) 49 (2): 210. doi:10.1086/241564. 
  • Dantí, Jaume (1979). «La revolta dels Gorretes a Catalunya (1687-1689)» (på Catalan) (PDF). Estudis d'història agrària (University of Barcelona) (3). 
  • Kamen, Henry (1990) [first published 1980]. Spania in the later seventeenth century, 1665-1700. London: Longman Group Limited. ISBN 978-0582490369.