Barrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barrett
Studioalbum av Syd Barrett
Utgjeve 14. november 1970
Innspelt Abbey Road 26. februar- 17. juli 1970
Sjanger Psykedelisk rock, bluesrock
Lengd 38:43
Selskap Harvest/EMI
Capitol Records (U.S.)
Produsent David Gilmour og Richard Wright
Kritikk
Syd Barrett-kronologi
The Madcap Laughs
(1970)
Barrett Syd Barrett
(1974)

Barrett var det andre og siste studioalbumet med nye songar gjeven ut av det tidlegare Pink Floyd-medlemmet Syd Barrett. I februar 1970, kort tid etter det første albumet kom ut, The Madcap Laughs, kom ut, spelte Barrett på John Peel sitt Top Gear-show på radio, der han berre spelte ein song frå det nye albumet. To dagar seinare byrja han å arbeide med det andre albumet i Abbey Road Studios, denne gongen med Pink Floyd-medlemmane David Gilmour og Richard Wright som produsentar og musikarar.

Hovudmålet med Barrett-innspelingane var å gje Syd strukturen og fokuset mange følte mangla under den langvarige innspelinga av The Madcap Laughs. Innspelinga var derfor meir effektiv og mange songar som ikkje kom med på albumet vart òg spelte inn. Albumet tok langt kortare tid å gjere ferdig enn The Madcap Laughs.

Medan innspelinga av Barrett gjekk forholdsvis glatt, kom likevel den merkelege åtferda til Barrett til syne. Den 6. juni 1970 gav Barrett den einaste konserten sin som soloartist, i lag med David Gilmour og Jerry Shirley. Eit forvirra publikum (medrekna Gilmour og Shirley) fekk sjå Barrett brått ta av seg gitaren og forlate scenen midt i den fjerde songen.

Richard Wright:

«Å lage plata til Syd var interessant, men særs vanskeleg. Dave og Roger gjorde den første (The Madcap Laughs) og Dave og meg sjølv den andre. Men på den tida var det kome så langt at det gjekk ut på å hjelpe Syd så mykje som me kunne i staden for å uroe seg for å få den riktige gitarlyden. Det kunne du berre gløyme! Det var berre om å gjere og gå i studio og prøve å få han til å synge.»[1]

David Gilmour:

Vi hadde i røynda tre alternativ på den tida då me arbeidde med Syd. Ein, me kunne faktisk arbeide med han i studio, spele med på det han la ned på spora sine - som var nesten umogeleg, sjølv om me klarte det på 'Gigolo Aunt'. Det andre var å spele inn eit slags spor før og så få han til å spele oppå det. Det tredje var å la han spele inn grunnideane sine med berre gitar og vokal, og så prøvde me å gjere noko ut av det sidan.[2]

Barrett kom ut i november 1970 til dårlegare mottaking enn The Madcap Laughs tidlegare på året, og gjekk derfor ikkje inn på listene. Barrett var lei og utan retning, og reiste attende til heimbyen sin Cambridge og, bortett frå ei kort stund med eit band kalla Stars i 1972 og nokre mislukka innspelingar i 1974, forlet han musikkarrieren sin for godt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Syd Barrett. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Baby Lemonade»   4:10
2. «Love Song»   3:03
3. «Dominoes»   4:08
4. «It Is Obvious»   2:59
5. «Rats»   3:00
6. «Maisie»   2:51
Side to
# Tittel Lengd
7. «Gigolo Aunt»   5:46
8. «Waving My Arms in the Air»   2:09
9. «I Never Lied to You»   1:50
10. «Wined and Dined»   2:58
11. «Wolfpack»   3:41
12. «Effervescing Elephant»   1:52

Albumet kom ut att tidleg i 1970-åra i lag med det første soloalbumet The Madcap Laughs som dobbeltplata Syd Barrett.

I 1993 vart Barrett gjeven ut på ny med fleire bonusspor.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]