Barrikade
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein barrikade (av fransk: barricade) er ting som vert sette saman for å hindra trafikk, verna noko mot åtak utanfrå eller isolera eit område. Ordet vert i dag særleg assosiert med provisoriske festningar ved gateslagsmål mellom ordensmakt og sivile, og i uttrykk som at nokon «står på barrikadane», men òg om provisoriske barrierar til å styra trafikken med.