Barrow Island i England
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barrow Island er ei utbygd øy som utgjer ein del av byen Barrow-in-Furness i England. Øya ligg mellom Walney Island og fastlandet, like sør for sentrum av byen. Ho hadde ved folketeljinga i 2001 2606 innbyggjarar.
Siden 1800-talet har øya vore landfast, sidan delar av sundet då vart fylt ut for industrielle føremål.
Øya er heimstad for Barrow skipsverft, som framleis er av dei største i Storbritannia, berre overgått av verftet i Govan i Glasgow. Øya og sundet mellom verftet og fastlandet utgjer òg ein stor del av dokk- og hamnesystemet Barrow Docks.