Bartholomeos I av Konstantinopel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bartholomeos I av Konstantinopel

Patriark av Konstantinopel
Fødd29. februar 1940
FødestadZeytinliköy

Bartholomos I (fødd Dimitrios Arkhondonis29. februar 1940 på øya Imbros) er den 270. økumeniske patriarken av Konstantinopel, og med det primus inter pares innan den ortodokse kyrkja.

Bartholomeos I er tyrkisk statsborgar, men høyrer til den greske minoriteten i landet. Han tok namnet Bartholomeos da han vart vigd til diakon 13. august 1961. Han vart prestevigd 19. oktober 1969. Frå 1974 har han vore med i den heilage synoden. 22. oktober 1991 vart Bartholomeos vald til patriark av Konstantinopel, og tiltredde 2. november.

Som økumenisk patriark har han engasjert seg i gjenoppbygginga av kyrkjene i den tidlegare austblokka etter kommunismen sitt fall i 1990. Han har ført vidare arbeidet til sine forgjengarar med forsoning med den katolske kyrkja gjennom dialog. Han har også dialog med andre kristne, muslimske og jødiske grupper.

Patriarken har engasjert seg for miljøvern, og har difor fått kallenamnet «den grøne patriarken». I 2002 var han i Noreg for å ta imot Sofieprisen for miljøengasjementet sitt.

I 2008 vart Bartholomos tatt med i tidsskriftet Time si liste over dei 100 mektigaste menneska i verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]