Bartolomé Murillo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bartolomé Murillo

Sjølvportrett, ca. 1670-73
Statsborgarskap Spania
Fødd desember 1617
Sevilla
Død

3. april 1682
Sevilla, Cádiz

Yrke kunstmålar
Språk spansk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Ektefelle Beatriz Cabrera y Villalobos
Bartolomé Murillo på Commons

Bartolomé Esteban Murillo (16183. april 1682) var ein spansk målar under barokken. Han måla både religiøse bilete og andre sjangermåleri. Murillo, som både var fødd og døydde i Sevilla, opplevde stor suksess i si levetid, sjølv om han stilistisk kom noko i skuggen av læremeisteren sin, Diego Velázquez.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Befruktninga av Maria møy av den ærverdige', 1678

Far hans var barber og kirurg. Foreldra hans døydde då Murillo enno var eit barn, og han vart i hovudsak oppseda av ei tante og ein onkel. Han byrja i målarlære hos Juan del Castillo i heimbyen Sevilla.

Dei fyrste verka til Murillo var påverka av Francisco de Zurbarán, José de Ribera og Alonzo Cano, han delte fullt ut deira syn på realismen. Ettersom han utvikla seg som målar laga han dei viktigaste arbeida sine i ein polert stil som fall i smak hos borgarskapen og aristokratiet, særleg syner det seg i dei religiøse, romerske-katolske verka. Murillo laga også mange måleri av samtidige kvinner og born. Desse levande, realistiske portretta av blomsterjenter, gategutar og tiggarar dokumenterer mange og tiltalande sider ved kvardagslivet i samtida.

I 1642 flytta Murillo til Madrid, der han truleg fekk god kjennskap til arbeid av Diego Velázquez. Han må ha sett verka til venetianske og flamske meistrar i dei kongelege samlingane, fyldigare fargar og mjukt modellerte former i måleria hans frå den tida tyder på det. I 1645 flytta han heim til Sevilla. Same året måla han tretten lerretsmåleri til St. Francisco el Grande-klosteret i Sevilla, bilete han hausta mykje ry for. Etter han hadde fullført arbeidet med eit par bilete til Sevilla-katedralen, byrja han å spesialisere seg på det temaet som gav han dei største suksessane; Maria møy og barnet, samt befruktninga av Maria møy.

Etter ein ny periode i Madrid, 1658-60, returnerte han til Sevilla. Her var han i 1660 mellom skiparane av Academia de Bellas Artes saman med arkitekten Francisco Herrera. Desse åra var han på sitt mest aktive og han fekk ei rad viktige oppdrag. Mellom desse var altartavla til det augustinske klosteret, måleria til Santa María la Blanca (fullført i 1665).

64 år gammal døydde han i Sevilla i 1682.

Murillo hadde mange elevar og etterfylgjarar. Omfattande kopiering og imitering av måleria hans, sikra hans ettermæle i Spania og hans ry i Europa. Før det 19. hundreåret var bileta hans dei mest vidkjende, måla av ein spansk målar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bartolomé Murillo