Bartreløpar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bartreløpar
Bartreløpar
Bartreløpar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Familie: Trebukkar Cerambycidae
Slekt: Rhagium
Art: Bartreløpar R. inquisitor
Vitskapleg namn
Rhagium inquisitor

Bartreløparen er ei bille i trebukkfamilien. Han er utbreidd i heile Europa, nord i Asia og i Nord-Amerika, og høyrer med mellom dei vanlegaste og mest utbreidde artane gruppa har. I Noreg er han òg talrik, ein kan finna han frå heilt i sør til Finnmark overalt kor det er skog.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Bartreløparen er, som namnet tilseier, hovudsakleg knytt til bartre. Særleg i høgareliggande og nordlege strok byter arten òg ofte til lauvtre som bjørk og eik. Egga vert lagde i ferskt daudt trevirke, helst fuktig med byrjande råte. Larvane lever mellom borken og veden, kor dei òg seinare forpuppar seg. Dette skjer i eit karakteristisk «reir» av små fliser. Utviklingstida er frå to år i Noreg.

Dei vaksne billene klekkast seint på hausten, men overvintrar og kjem ikkje fram før om våren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]