Barytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barytt
6158M-barite2.jpg
Baryttkrystallar frå Cerro Huarihuyn i Mirafneelores i Huamalíes i Huánuco i Peru
(storleik 56 x 53 mm, 74 g)
Generelt
Kategori Sulfatmineral, baryttgruppa
Kjemisk formel BaSO4
Strunz-klassifisering 07.AD.35
Dana-klassifisering 28.03.01.01
Krystallsymmetri Ortorombisk (2/m 2/m 2/m) dipyramidal
Einingscelle a = 8.884(2) Å, b = 5.457(3) Å, c = 7.157(2) Å; A = 4
Identifikasjon
Farge fargelaus, kvit, lyseblå, gul, grå, brun
Krystallform Søyleforma parallell til base, trådaktig, kuleforma til massive
Krystallsystem Ortorombisk
Kløyv perfekt kløyv parallell til basen og prismesider: {001} perfekt, {210} perfekt, {010} uperfekt
Brot Ujamn/Ujamn
Fastleik Sprø
Mohs hardleiksskala 3-3.5
Glans Glasaktig, perleaktig
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomsiktig til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt 4.3–5
Tettleik 4.48 g/cm3[1]
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Toaksa positiv
Brytingsindeks nα = 1.634–1.637
nβ = 1.636–1.638
nγ = 1.646–1.648
Dobbeltbryting 0.012
Smeltbarheit 4, gulaktig grøn bariumflamme
Kjenneteikn kvit farge, høg spesifikk vekt, karakteristisk kløyv og krystallar
Oppløyselegheit låg
Kjelder [2][3][4][5]

Barytt er eit tungspat, rombisk mineral som består av bariumsulfat, BaSO4. Fargen er oftast kvit, grå, gul eller blå. Det finst særleg på hydrotermale gonger og som konkresjonar i sediment. I Noreg er det funne mellom anna i Kongsberg og Tråk i Bamble.

Barytt er det viktigaste råstoffet for framstilling av andre bariumsambindingar. Det har store bruksområde ved produksjon av kvite fargar og blir brukt som fyllstoff i papir og appretur i tekstilindustrien. Store mengder blir nytta på grunn av den høge densiteten i boreslam til petroleumsboring. Verdsproduksjonen ligg på omkring 6 millionar tonn, med Kina og India som dei største produsentane.

Til baryttgruppen høyrer òg minerala cølestin SrSO4 og anglesitt PbSO4.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barytt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/barytt.
  1. Hanor, J. (2000). «Barite-celestine geochemistry and envjernments of formation». Reviews in Mineralogy (Washington, DC: Mineralogical Society of America) 40: 193–275. ISBN 0-939950-52-9. 
  2. Dana, James Dwight; Ford, William Ebenezer (1915). Dana's Manual of Mineralogy for the Student of Elementary Mineralogy, the Mining Engineer, the Geologist, the Prospector, the Collector, Etc. (13 ed.). John Wiley & Sons, Inc.. ss. 299–300. 
  3. Barite at Mindat
  4. Webmineral data for barite
  5. Baryte, Handbook of Mineralogy

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Barytt