Base General Bernardo O'Higgins Riquelme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 63°19′15″S 57°53′55″W
Base General Bernardo O'Higgins Riquelme
stasjon
none  Innviinga av Base General Bernardo O'Higgins.
Innviinga av Base General Bernardo O'Higgins.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Trinityhalvøya
 - koordinatar 63°19′15″S 57°53′55″W
Grunnlagd 18. februar 1948
Administrert under Antarktistraktaten
Base General Bernardo O'Higgins Riquelme is located in Antarktis
Base General Bernardo O'Higgins Riquelme (Antarktis)
GARS

Base General Bernardo O'Higgins Riquelme eller Base Libertador General Bernardo O'Higgins Riquelme, forkorta Bernardo O'Higgins kalla opp etter Bernardo O'Higgins, er ein fast bemanna chilenske base i Antarktis og hovudstaden i kommunen Antártica. Han ligg 13 meter over havet, kring 30 km sørvest for Prime Head, det nordlegaste punktet på Den antarktiske halvøya. Han vart opna den 18. februar 1948 og er ein av basane i Antarktis som har vore lengst i kontinuerleg drift. Om vinteren er det 16 personar som heldt til på basen, og om sommaren vanlegvis kring 44, men han kan ta opp mot 60 personar. Basen vert driven av den chilenske hæren, og vert òg kalla Puerto Covadonga etter hamna han ligg ved.[1]

Den tyske antarktiske mottakarstasjonen (GARS eller German Antarctic Receiver Station) vart oppretta ved O'Higgins i 1991 av DLR. Han er ein satellittbakkestasjon i Antarktis for å ta imot data frå satellittbaserte sensorar i sørpolområdet som elles ville gått tapt.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bernardo O'Higgins-basen har eit kaldt arktisk klima (Köppen E). Årsmiddelnedbøren er 772 mm og er jamt fordelt utover året, typisk med eit lite maksimum om våren. Temperaturane er låge året rundt. Den varmaste månaden er januar med ein månadsmiddeltemperatur på 1 °C, medan den kaldaste månaden er juli med ein månadsmiddeltemperatur på -8 °C.

Klimadata for Bernardo O'Higgins-basen (Chile) i Antarktis
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Døgnmiddeltemp. °C 1 0 0 -3 -5 -7 -8 -7 -5 -3 -1 0 −3 2
Nedbør (mm) 29 64 74 78 67 51 66 67 88 87 62 39 772
Kjelde: The Weather Network [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]