Basilica di San Francesco d'Assisi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kyrkje- og klosteranlegget.
Dei to kyrkjene, underkyrkja og overkyrkja, i Basilica di San Francesco d'Assisi.
Overkyrkja med freskar av Giotto.

Basilica di San Francesco i byen Assisi i Regione Umbria i Italia er ei kyrkje som er samansett av to bygningar, underkyrkja (Basilica Inferiore), som vart bygd mellom 1228 og 1230, og overkyrkja (Basilica Superiore), som vart bygd i gotisk stil oppå underkyrkja mellom 1230 og 1253. Klokketårnet (kampanilen) er bygd i romansk stil. Komplekset, som er gravkyrkje for helgenen og skiparen av fransiskanarordenen, Frans frå Assisi, vart i år 2000 innskrive på verdsarvlista til UNESCO.

Pave Gregor 9, som var i Assisi i 1228 for å heilagkåre (kanonisere) Sankt Frans, fremja då eit ynske overfor bror Elie de Cortone (leiar av fransiskanarordenen i tida 1232 til 1239) om at det straks vart sett i gang bygging av ei kyrkje med krypt for å hyse lekamen til den heilage Frans. Underkyrkja var ferdig 25. mai 1230, og leivningane etter Sankt Frans kunne leggjast i stor løyndom så godt skjult i krypten (av redsle for bortføring av relikviane) at dei ikkje vart oppdaga att før i 1818. Utan avbrot vart byggjearbeidet på overkyrkja sett i gang, og dette gjekk føre seg fram til 1253, då pave Innocent 4 kunne vigsle den fullt ferdige kyrkja som «hovud og mor for Dei små brørnes orden».

Skipet i overkyrkja er i heile lengda dekorert med freskomålarstykkje av målaren Giotto, som i 28 tablå skildrar livet til Sankt Frans. Også andre av dei fremste meistrane i Italia har utsmykka kyrkja; Cimabue, Duccio di Buoninsegna, Pietro Lorenzetti, Simone Martini og fleire. Dei mange freskane i kyrkja er rekna som epokegjerande ved å representere innleiinga til renessansen i den italienske biletkunsten.

Ved eit jordskjelv 26. september 1997 vart det gjort skader på byen Assisi, og kyrkja vart råka; noko av kvelven i overkyrkja fall ned og drap fire personar, og freskar av Cimabue vart øydelagt. To år gjekk med til reparasjonar og forsterkingar av kvelvane og renovering og restaurering av freskane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Basilica di San Francesco d'Assisi