Basilikacisterna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Basilikacisternen

Basilikacisterna (tyrkisk Yerebatan Sarayı - «Det søkkte palasset», eller Yerebatan Sarnıcı - «Den søkkte cisterna»), er den største av fleire hundre cisterner frå antikken, som ligg under byen Istanbul (tidlegare Konstantinopel) i Tyrkia. Cisternen ligg 150 meter sørvest for Hagia Sofia på den historiske halvøya Sarayburnu, og vart bygd på 500-talet under regjeringstida til keisar Justinian I av Austromarriket.[1]

Cisterna er om lag like stor som ein katedral og er eit underjordisk kammer som er kring 138 meter langt og 65 meter breitt.[2] - Det er kring 9800 kvadratmeter stort og kan helde 80 000 kubikkmeter vatn. Taket vert heldt oppe av 336 marmorsøyler, kvar 9 meter høge. To av søylene har eit Medusahovud skjert inn i seg.

Cisterna vart filma i James Bond-filmen From Russia with Love frå 1963.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Basilikacisterna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°0′29″N 28°58′40″E