Basilique Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vestfasaden
Skipet i basilikaen, sett mot koret, under ei gudstenest

Basilique Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay er ei kyrkje som i si tid høyrde til abbediet Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay i byen Vézelay i Bourgogne (Burgund) i departementet Yonne i Frankrike. Kyrkja vert rekna for eit av hovudverka i romansk kyrkjearkitektur og skulptur.

Kyrkja er bygd i romansk stil i tida 1120 – 1150, men koret og tverrskipet vart bygd i gotisk stil i tida 1185 – 1190. Om lag 1347 vart vesttårnet i gotisk stil reist. Sjølve abbediet Sainte-Marie-Madeleine de Vézelay vart skipa i 858 eller 859. I mellomalderen var kyrkja eit særs viktig pilegrimsmål av di ho hysa relikviane etter sankt Maria Magdalena (Sainte-Marie-Madelaine). Difor vart kyrkja òg nytta av pilegrimar på veg til katedralen Santiago de Compostela (Saint-Jacques-de-Compostelle på fransk) i byen med same namn i Nordvest-Spania, der Sankt Jakobs relikviar ligg.

Historia til kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Portalen i forhallen inn mot skipet.
Tympanon på den midtre av dei tre vestportalane: Den siste domen.

Etter at abbed Geoffroy la i 1037 fram for publikum Maria Magdalenas relikviar, tok mirakel til å skje, pilegrimar strøymde til, og Vézelay vart ein av dei viktigaste etappane på pilegrimsvegen til Santiago de Compostela. Opphavleg hadde abbediet Sankta Maria (jomfru Maria) som si helgen, men det vart i 1050 lagt under Maria Magdalenas vern i staden, og i 1058 godtok paven høgtideleg relikviane som ekte. Omdømmet som abbediet opparbeida seg, fekk den litle landsbyen til å bløme og vokse til ein by som drog til seg prominente pilegrimar, som hertugen av Burgund og hoffet hans i 1084. Abbediet og kyrkja spela òg ei rolle i samband med krosstoga. Bernard av Clairvaux ( heilagkåra som sankt Bernard) var her i 1146 og preika for det andre krosstoget, og i 1190 var Philippe-Auguste og Richard Løvehjarta her i samband med det tredje krosstoget.

Men med tida missa abbediet tilslutnad og status. I 1458 konstaterte pave Pius II at pilegrimane haldt seg unna og inntektene frå almissene svikta, og i 1537 erstatta pave Paul III alle munkane med femten kannikar under leiing av ein abbed som kongen peika ut. I 1568 og 1569 vart abbediet okkupert og plyndra, i 1790 hadde Sainte Marie-Madeleine vorte ei vanleg soknekyrkje, i 1793 vart skulpturane på portalane vandaliserte, og i 1819 slo lynet ned i tårnet og sette i gang ein brann. Dei andre bygningane i abbediet var selde under den franske revolusjonen og nytta som steinbrot til ulike føremål. Med unnatak av ein bygning, er det praktisk talt ikkje noko att.

I 1840 vart det sett i gang ei omfattande og gjennomgripande restaurering av kyrkja under den franske arkitekten Eugène Viollet-le-Duc, vidgjeten for si innsats for å få restaurert bygningar og andre konstruksjonar frå fransk mellomalder. Restaureringa vart avslutta i 1876 ved at relikviane til Sankt Maria Magdalena var ført attende til kyrkja. I 1920 fekk kyrkja rang av basilika i samsvar med dei reglane som gjeld for slikt i den katolske kyrkja, og som i og for seg ikkje har noko med bygningstypen basilika å gjere. I 1979 vart basilikaen oppført på verdsarvlista til UNESCO.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]