Basis i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Basis er eit omgrep i matematikk som vert nytta i fleire samanhengar, ofte i tydinga grunntal, til dømes i eit talsystem eller logaritmesystem.

I det store og heile syner ein basis (basis-system) til dei elementa i eit matematisk system som er slik at dei øvrige kan avleiast av dei ved visse operasjonar, som basis for ei gruppe, basis for eit vektorrom osv. Til dømes er einingsvektorane i, j og k basis for det vanlege tredimensjonale rommet, sidan kvar og ein vektor i rommet kan uttrykkjast ved hjelp av desse.

I geometrien nyttast basis for å syne til ei grunnlinje (til dømes av ein trekant) eller grunnflate (til dømes av prisme, kjegle eller pyramide).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«basis – matematikk» i Store norske leksikon, snl.no.