Basjkirsk
| Basjkirsk (Башҡорт теле) |
||
| Klassifisering: | tyrkiske språk vesttyrkiske språk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | Basjkortostan, andre stader i Russland, Kasakhstan, Usbekistan | |
| Område: | Basjkortostan | |
| Basjkirsktalande i alt: | 1 152 000 (2010) | |
| Rangering: | ikkje blant dei 100 største | |
| Skriftsystem: | kyrillisk frå 2010 latinsk alfabet |
|
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | Basjkortostan | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-1: | ba | |
| ISO 639-2: | bak | |
| ISO 639-3: | bak | |
| Wikipedia på basjkirsk | ||
Basjkirsk er eit språk i den tyrkisk språkfamilien. Det er i svært nær slekt med tatarsk, og det er dei som meiner det er ein tatarsk dialekt. Dei fleste talarane av basjkirsk bur i Basjkortostan og andre stader i Volga-Uralområdet: I Tatarstan, Udmurtia, Mari El, Tsjeljabinsk oblast, Orenburg oblast, Sverdlovsk oblast og Kurgan oblast, og i Perm kraj. Det finst også små basjkirske minoritetar i Kasakhstan (41 847) og Usbekistan (34 771). Ved folketeljinga i 2010 var det 1 152 000 menneske som snakka basjkirsk i Russland.[1] Tilsvarande tal frå 1989 var i Sovjetunionen 1 047 000 basjkirspråklege menneske. I tillegg var det då 26 737 som oppgav basjkirsk som andrespråk, og omtrent 300 000 basjkirar som oppgav tatarsk som førstespråk.
Innhaldsliste |
Alfabet[endre]
Basjkirane brukte tatarsk, skrive med det arabiske alfabetet som skriftspråk fram til 1923, då vart det, som resultat av oktoberrevolusjonen, skapt eit baskirsk skriftspråk. Det vart i byrjinga skrive med det arabiske alfabetet, men i 1930 gjekk dei over til det latinske alfabetet, som vart erstatta med det kyrilliske alfabetet i 1938. Det basjkirske alfabetet består av det grunnleggjande kyrilliske alfabetet, med desse ni tilleggsbokstavane: (Ә ә Ө ө Ү ү Ғ ғ Ҡ ҡ Ң ң Ҙ ҙ Ҫ ҫ Һ һ.). Etter at Sovjetunionen fall saman er det utvikla eit nytt latinsk alfabet for basjkirsk, og Basjkortostan vedtok i 2002 at dette nye alfabetet skulle erstatte det kyrilliske i 2010.
Fotnotar[endre]
- ↑ «Vserossijskaja perepis naselenija 2010» - Folketeljinga i Russland 2010
Kjelder[endre]
- Finsk wikipedia
Bakgrunnsstoff[endre]
|
|
|
|---|---|
| Tsjuvasjisk | tsjuvasjisk |
| Sørtyrkiske språk | khalajisk · gagausisk · tyrkisk · krimtyrkisk · turkmensk · aserbajdsjansk · quashkaisk |
| Austtyrkiske språk | uigurisk · usbekisk · salarisk |
| Vesttyrkiske språk | basjkirsk · karatsjaiisk · karaimsk · kumyksk · tatarisk · barabask · krimtatarisk |
| Sentraltyrkiske språk | nogaisk · karakalpakisk · kasakhisk · kirgisisk |
| Nordtyrkiske språk | jakutisk · dolgansk · khakassisk · altaisk · salarsk · nordaltaisk · tsjulymsk · sjorisk · tuvinsk · karagassisk |