Baskisk grammatikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Baskisk grammatikk, eller grammatikken til baskisk, er mest kjend for å vere eit ergativt språk, noko som elles er ukjent i Vest-Europa.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

I tabellen nedanfor er dei baskiske konsonantane representerte med dei tilsvarande konsonantane i skriftspråket, baskisk har eit så godt skriftspråk at det er mogleg. Unntaka er forklarte nedanfor.

Konsonantsystemet i baskisk
bilabialar labiodentalar dentalar/alveolarar palatoalveolarar palatalar velarar
ustemte lukkelydar p t tt k
stemte lukkelydar b d dd g
affrikatar tz, ts tx
ustemte frikativar f z,s x (j)
nasalar m n -in-
lateralar l -il-
tremulantar r, rr
halvvokalar j


Dei baskiske frikativane er ustemte viss omgjevnadene ikkje får dei til å bli stemte, i intervokal posisjon.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Ergativspråk[endre | endre wikiteksten]

Baskisk er eit ergativspråk, dvs at det er eit spesielt kasus, ergativ, for subjektet av transitive verb, medan subjektet for intransitive verb kjem i absolutiv. Absolutiv fungerer samstundes som direkte objekt (akkusativ) for transitive verb. Ergativ vert markert i baskisk med suffikset /-(e)k/, medan absolutiv forblir umarkert, då det er standardforma av substantiv.

  • Jon dator > Jon kjem (intransitiv, Jon i absolutiv)
  • Jonek ardoa dakar > Jon tek med vin (ardo) (transitiv, Jon i ergativ, ardo i absolutiv)
  • Oinak zerbitzatzen du eskua > Foten (oina) den serverte handa (eskua),
  • eta eskuak oina > og handa foten.

Substantivbøyning[endre | endre wikiteksten]

Transnumeral, eintal og fleirtal[endre | endre wikiteksten]

Substantiva består av ei numerusfri grunnform (transnumeral), ei eintalsform og ei fleirtalsform. I absolutiv (sjå ovanfor) er formene slik:

Numeri Form Omsetjing
Transnumeral katu katt
Eintal katu-a katten
Fleirtal katu-ak kattane

Den numerusfrie grunnforma (transnumeral) vert òg kalla ubestemt form. Det dreier seg likevel ikkje om ei ubestemt form som i norsk (ein katt), men heller ei abstrakt tallaus form. Nemninga avgjort form for dei andre formene er heller ikkje heilt korrekt, men veldig vanleg. Nokre lingvistar brukar difor omgrepet individualisert form. Setninga Garfield katua då («Pusur er ein katt») viser tydeleg at det ikkje dreier seg om ei bestemd form.

Kasusbøying[endre | endre wikiteksten]

I baskisk vertkasus danna ved substantivendingar, som likevel ikkje må følgje direkte etter substantivet, men etter siste element i ei substantivgruppe. Bøyingsendingane er i «rein» form ved bøying i transnumeral. I eintal vert danna kasusa ved å leggje til markøren /-a(-)/, medan ein i fleirtal omgår endelsesinnledende /-r-/. Man har ikkje grammatisk kjønn i baskisk. Følgjande tabell gjev eit oversyn over regelmessig bøying i baskisk.

Kasus Transnumeral Eintal Fleirtal Tyding
absolutiv - -a -ak (sjå ovanfor)
ergativ -k -ak -ek (sjå ovanfor)
dativ -ri -ari -ei for
genitiv -ren -aren -ein eigeform
benefaktiv -rentzat -arentzat -entzat til fordel for
komitativ -rekin -arekin -ekin saman med
instrumentalis -z, -taz -az -ez mellom
inessiv -tan -an -etan i, ved
allativ -tara -ra -etara til
ablativ -tatik -tik -etatik av, gjennom
separativ -tako -ko -etako av – sidan

Bøyinga av substantiv som sluttar på konsonantlyd skil seg ikkje veldig frå standardbøyinga; endingsinnleiande /-r-/ forsvinn i transnumeralformene, og /-e-/ vert tillagd føre einskilde endingar.

Personlege pronomen[endre | endre wikiteksten]

Bøyinga av personlege pronomen følgjer følgjande skjema:

Kasus ho/han eg du vi Du de dei
absolutiv hura ni hi gu zu zuek haiek
ergativ hark nik hik guk zuk zuek haiek
dativ hari niri hiri guri zuri zuei haiei
genitiv haren nire hire gure zure zuen haien
benefaktiv harentzat niretzat hiretzat guretzat zuretzat zuentzat haientzat
komitativ harekin nirekin hirekin gurekin zurekin zuekin haiekin
instrumental hartaz nitaz hitaz gutaz zutaz zuetaz haietaz

Nominalfraser[endre | endre wikiteksten]

Kasusendingane i nominalfrasar vert berre lagt til siste element i gruppa. Dei andre elementa vert ikkje bøygd. Attributive adjektiv står saman med tilhøyrande substantiv. Bat («ein») fungerer som ubestemt artikkel, og står i slutten av nominalfrasen.

Baskisk Norsk
asto txuri bat eit kvitt (txuri) esel (asto)
katu beltz batengatik på grunn av ein svart (beltz) katt (katu)
etxe ederra det fine (eidar) huset (etxe)
gure ahuntz politak våre (gure) fine (polit) geiter (ahuntz)
zahagi berrietan i dei nye (berri) slangane (zahagi)


Verbalbøying[endre | endre wikiteksten]

Substantivbøyinga i baskisk er ganske klår, trass i dei mange kasusa; verbalbøyinga er likevel berykta for sine mange ulike og kompliserte former. Grammatikarar på 1700-talet fann ikkje mindre enn 30 952 ulike former av eitt enkelt verb. Dette er fordi finitte verb i baskisk ikkje berre inneheld referansar til kven som utfører handlinga (som er vanleg i indoeuropeiske språk, som til dømes tysk: ich liebe, du liebst, er liebt og så vidare), men òg til direkte og indirekte objekt for handlinga, og av og til han som svarer.

Her ein nokon former av verbet ukan «å ha» i presens (3sg = 3. person eintal, og så vidare).

Baskisk Omsetjing Subjekt Direkte objekt Indirekte objekt
du han har han 3sg 3sg -
gaitu han har oss 3sg 1pl -
zaitugu vi har deg 1pl 2sg -
diot eg har det for det 1sg 3sg 3sg
dizut eg har det for deg 1sg 3sg 2sg
dizkizut eg har dei for deg 1sg 3pl 3sg
dizkigute dei har dei for oss 3pl 3pl 1pl

Ein gjenkjenner umiddelbart kva for former denne markeringa av verbalformene høyrer til. Ein oversiktleg representasjon av paradigmet måtte ha vore tredimensjonal.

Enkel bøying[endre | endre wikiteksten]

Baskisk skil mellom ein såkalla enkel (eller syntetisk) bøying, med former som kjem direkte frå verbet (som i den norske presenssetninga «han elskar»), og ein samansett (analytisk) bøying med hjelpeverb (til dømes den norske perfektumsetninga «han har elska»).

Den enkle bøyinga gjeld berre for nokre få, vanlege verb. Verb som brukar denne bøyinga er izan «vere», ukan «ha», egon «vere», etorri «kome», joan «gå (målretta)», ibili «gå omkring», eduki «ha, halde», jakin «vita» og esan «si». I skriftleg baskisk er det òg nokre andre verb som bøye si enkelt, som ekarri «bringe», erabili «bruke», eraman «bere», etzan «liggje» og iraun «vare». Delen enkle verb var større tidlegare, og tekstar frå det 16. århundret inneheld rundt 50 slike verb. I dag vert dei brukte i opphøgt språk. Alle andre verb vert bøygde ved hjelp av hjelpeverb. Enkel bøying inneheld i dag berre to tider – presens og preteritum, og dessutan ei imperativsform.

Døme: Presens av verbet ekarri «bringe», med nokre ulike variantar av subjekt, direkte og indirekte objekt (3sg = 3. person eintal, og så vidare):

Baskisk Omsetjing Subjekt Direkte objekt Indirekte objekt
dakart eg bringar det 1sg 3sg -
dakark du bringar det 2sg 3sg -
dakar han bringar det 3sg 3sg -
dakarte dei bringar det 3pl 3sg -
dakartza han bringar dei 3sg 3pl -
nakar han bringar meg 3sg 1sg -
hakar han bringar deg 2sg 2sg -
dakarkiote dei bringar det til han 3pl 3sg 3sg
dakarzkiote dei bringar dei til han 3pl 3pl 3sg

Ein fullstendig tabell over presens av det mykje brukte hjelpeverbet ukan «ha» med fast direkte objekt i tredje person, «det», og variable dativ-objekt vert slik:

Subjekt Person i indirekte objekt
  utan 1sg 2sg 3sg 1pl 2pl 3pl
1sg dut - dizut diot - dizuet dia
2sg duzu didazu - diozu diguzu - diezu
3sg du dit dizu dio digu dizue die
1pl dugu - dizugu diogu - dizuegu diegu
2pl duzue didazue - diozue diguzue - diezue
3pl dute didate dizute diote digute dizuete dia

Til dømes tyder diguzue «dei har det for oss» (subjekt 2pl, indirekte objekt 1pl, direkte objekt 3sg «det»). Dei korrekte formene for eit direkte objekt i 3. person fleirtal vert danna ved å setje inn /-zki-/ etter den første stavinga /di-/, til dømes dizkiot «eg har dei for det», medan diot er «eg har det for han».

Refleksive former (til dømes «eg har meg») finst ikkje i dette skjemaet, og må formast ved omskrivingar.

Samansett bøying[endre | endre wikiteksten]

Alle ikkje-enkle verb vert bøygde ved hjelp av samansett bøying, og vert forma ved ei av stammeformene til verbet saman med ei form av eitt av hjelpeverba izan, ukan, edin eller ezan. Dei ulike stammeformene er stammen av verbet sjølv, perfektum partisipp, futurum partisipp og gerundium (eigenleg eit verbalsubstantiv i inessiv). Ukan og ezan vert brukt med transitive verb, izan og edin med intransitive. Vidare detaljar finst her; sjå litteraturliste.

Talord[endre | endre wikiteksten]

Baskisk brukar eit tjuetalssystem. Til dømes er 40 = 2 x 20, 60 = 3 x 20, 80 = 4 x 20 og 90= 4 x 20 + 10. Ein finn restar av dette systemet i fransk og bretonsk. Dansk brukar òg tradisjonelt eit tjuetalssystem.

Bi og sei kjem tydeleg frå indoeuropeiske språk, medan dei andre elementa er unike for baskisk.

1 bat   11 hamaika   10 hamar
2 bi 12 hamabi 20 hogei
3 hiru 13 hamahiru 30 hogeita hamar
4 lau 14 hamalau 40 berrogei
5 bost 15 hamabost 50 berrogeita hamar
6 sei 16 hamasei 60 hirurogei
7 zazpi 17 hamazazpi 70 hirurogeita hamar
8 zortzi 18 hemezortzi 80 laurogei
9 bederatzi 19 hemeretzi 90 laurogeita hamar
10 hamar 20 hogei 100 ehun

Ordforråd, lånord[endre | endre wikiteksten]

Baskisk har halde på sjølvstendet sitt ikkje berre i bøyingsverket, men òg i ordforrådet, trass i over 2 500 år med press frå andre språk på fleire sider. Ikkje desto mindre har det teke opp mange lånord i løpet av historia, spesielt frå latin og romanske språk. Nokre døme er:

  • errege < latin rex, regi sin «konge»
  • lege < latin lex, legis «løyve»
  • eliza < latin ecclesia «kyrkje»
  • liburu < latin liber, vulgærlatin librum «bok»
  • dorre < spansk torre «tårn»
  • bakte < latin pax, pracis «fred»
  • gaztelu < latin castellum «slott»
  • katu < latin cattus «katt»

Nokre andre lånord stammar frå keltiske språk, som til dømes:

  • adar < keltisk adarc «horn»
  • hartz < keltisk art «bær»

Trass i at baskisk inneheld mange høve for avleiing av ord til nye namn på ting, kjem det stadig ord inn frå engelsk og romanske språk. Det har vore veldig få ord som har gått frå baskisk og til omkringliggande romanske språk, men mange stad- og familienamn i Spania og Latin-Amerika har baskiske røter (til dømes Bolívar, Echeverría og Guevara). Moglege baskiske lånord i romanske språk er:

  • spansk izquierdo (venstre) frå baskisk ezkerra
  • fransk bizarre (bisarr) frå baskisk bizar (bart)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!