Bassist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bassist er eit omgrep som vert nytta om ein person som spelar musikkinstrumentet bassgitar eller kontrabass, uavhengig av stil.

Stundom vert det òg nytta om musikarar som spelar klaverbass eller låge messingblåseinstrument som tuba. Sidan 1960-åra har elektrisk bass vore standard bassinstrument i rock and roll, jazzfusion, heavy metal, country, reggae og popmusikk. Kontrabass har vore standard bassinstrument i klassisk musikk, bluegrass, rockabilly og dei fleste sjangrar innan jazz. Låge messingblåseinstrument som tuba er standard bassinstrument i Dixieland og New Orleans-aktige jazzband.

Sjølv om dei forskjellige bassinstrumenta ofte er nært knytte til visse sjangrar, finst det unntak. Særleg utover i 1990- og 2000-åra har rock- og popband òg nytta kontrabass, som Barenaked Ladies, The Decemberists og punkrockgrupper som The Living End, Nekromantix, The Horrorpops og Tiger Army. Somme jazzband nyttar òg elektrisk bass, medan ein i somme fusion- R&B- og house-musikk nyttar synthbass eller klaverbass i staden for elektrisk bass. Somme grupper har òg nytta klaverbass på orgel i staden for bassgitar eller kontrabass.

Nokre kjente bassistar[endre | endre wikiteksten]

Utanlandske

Norske