Basstrompet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein basstrompet

Basstrompeten er eit messingblåseinstrument, konstruert av Richard Wagner, og stemt i B, C eller Eb.

Basstrompet har om lag same toneregister som ein trombone, men går gjerne noko høgare og blir oppfatta som hardare og meir metallisk i tonen. Basstrompeten blir ofte spela av trombonistar på grunn av likskapane i tonehøgd og munnstykkeform. Dette instrumentet må kunne seiast å vere nokså sjeldan, og det inngår ikkje i nokon solokonserttradisjon. Det finst derimot nokre velkjende konsertstykke der basstrompet blir bruka, mellom anna Le Sacre du printemps av Igor Stravinskij. Cy Touff var ein av få jazzmusikarar som spela basstrompet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.