Bast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om gudinna. For plantefiberet, sjå bastfiber.
Bast med kattehovud. Statue i Louvre.

Bast eller Bastet var ei egyptisk gudinne for sola og grøderikdom. Ho verna over svangre kvinner og hadde makt over solformørkingar. Bast var òg gudinna for kattar, og desse heilage dyra blei mumifiserte til ære for henne.

Bast blei framstild som ei kvinne med hovudet til eit kattedyr. Eit kattehovud symboliserte ei nøgd gudinne, medan Bast med løvehovud kunne vera farleg. Bast-kulten hadde hovudsenter i Bubastis. Gudinna er blitt dyrka sidan det andre egyptiske dynastiet (rundt 2.890-2.686 f. Kr.), og kanskje tidlegare.

Ho var sett på som dottera til Isis og Osiris, med sterke band til Hathor. Bast var kona til Ptah, og saman hadde dei ungane Nefertum og Mihos.

Bast kan bli sett på som eit aspekt av Sekhmet. Etter lang tids påverking frå gresk kultur gjekk ho over til å bli ei månegudinne som svara til Artemis.

Namna til Bast[endre | endre wikiteksten]

Bast
med hieroglyfar
W1 t
t
B1
  • Bast eller Bastet - T-endinga etter Bas viser at ho er ein kvinneleg guddom, medan -et er nok ei kvinneleg namneending. Namnet tyder «ho som klorer» eller «riv».
  • Ubasti
  • Ba-en-Aset
  • Ailuros (gresk for «katt»)