Bastøy
| Bastøy | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Ytre Oslofjord |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgaste punkt | Bastøykalven (15 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Vestfold |
Bastøy, Bastø eller Bastøya er ei øy på 2,23 km² som ligg i Oslofjorden søraust for Horten i Vestfold. Øya ligg i Horten kommune, men vert eigd av staten.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] Bastøy fyr
- For meir om dette emnet, sjå Bastøy fyrstasjon.
Bastøy fyr vart opprettet 1840. Fyret bestod av eit steinhus med eit lågt tårn. Det vart erstatta av ei lanterne i 1986. Fyret på Bastøy er ikkje lenger bemanna, men vert framleis nytta til mellom anna kursverksemd.
[endre] Bastøy kyrkje
Bastøy kyrkje er ei kyrkje av stein bygd i 1902.
[endre] Guteheimen
Bastøy vart kjøpt av den norske staten i 1898 og det vart oppretta ein skuleheim for «forsømte» gutar med tilpassingsvanskar. Skuleheimane sto under Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt tilsyn før dei vart overført til Sosialdepartementet frå 1. juli 1953. Ved overføringa endra Bastøy Skolehjem namn til Foldin verneskole og seinare Foldin offentlige skole. Skulen vart nedlagt omkring 1970.
[endre] Verneheim og fengsel
Statens vernehjem Bastøy overtok bygningane til Bastøy skuleheim etter at dette vart nedlagt i 1970. Frå 1971 tok verneheimen imot arbeidsuføre, heimlause alkoholskadde. Anlegget vart seinare kretsfengsel og frå 1988 landsfengsel under namnet Bastøy fengsel, ein open anstalt med plass til rundt 115 fangar.
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
- Flyfoto og kart over øya
- Historikk (Bastoyfengsel.no)
- Bastøy fengsel
- Søk på «Bastø» i historietidskriftet Borreminne
- Ein Bastøy-gut fortel
- Bastøy – Oslofjordens perle
- Kort avisartikkel om fengselsøya Bastøy
- Bilete frå Bastøy og fengselet der
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bastøy» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2008.