Batasuna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Batasuna

LandSpania
Grunnlagt1978
Nedlagt3. januar 2013
HovudkvarterPamplona
Ideologibaskisk nasjonalisme, sjølvstenderørsle, sosialisme, Ezker abertzalea Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonvenstreekstremisme

Batasuna ('Einskap' på baskisk), tidlegare Herri Batasuna ('Folkets einskap') og Euskal Herritarrok ('Me, det baskiske folket') er eit politisk partiet tilknytt den baskiske separatistorganisasjonen ETA. Partiet held hovudsakleg til i Baskarland i Spania og i Frankrike. Formelt har partiet ingen direkte band til ETA. Partiet vart i 2003 forbode i Spania,[1] men har delvis halde fram med aktiviteten sin. Partiet er lovleg i Frankrike.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Batasuna vart skipa i 1978 under namnet Herri Batasuna, som ein samskipnad av utbrytarar frå Euskadiko Ezkerra og andre venstreradikale nasjonalistiske grupperingar.

Batasuna stilte til val for første gong i 1979, og fekk då 13 % av røystene i valet til den baskiske delstatsforsamlinga. Dei har lege rundt 15% i oppslutnad heilt frå starten av, og fram til partiet vart forbode. Det beste valet sitt gjorde dei i 1990, då dei fekk 18,33 % av røystene.

I 1997 vart 22 personar i leiinga i partiet kollektivt dømde til 7 års fengsel fordi dei i valkampen hadde vist ein video der ETA kom med fredsframlegg. To år seinare vart dei sette fri etter at dommen vart omstøytt fordi han braut med grunnlova.

Etter at alle partia for baskisk sjølvstende vart forbodne, stilte mange tidlegare Batasuna-representantar på lokale lister for partiet EAE-ANV. Desse listene vart seinare forbodne fordi spanske styresmakter såg dei som eit framhald av Batasuna. I 2008 vart heile EAE-ANV forbode.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Batasuna